Amnesty: Norge kan vere medskuldig i tortur
– Etterforsking må til.
Eit fly med same registreringsnummer som dette – N248AB – var eitt av CIA-flya som landa i Noreg.
Flightaware.com
Dei vart haldne vakne i 180 timar i strekk. Lenka fast i taket. Mata gjennom endetarmen. Utset for «liksom-avrettingar» med drillar, med bind for auga. Ein fraus i hel, lenka til eit kaldt steingolv. Eit samandrag av ein rapport om USAs torturmetodar mot terrormistenkte fangar etter 11. september 2001, blei presentert førre veke. Det har vakt sterke reaksjonar.
Ingen stilt til ansvar
«Verda har lenge visst at amerikanske myndigheiter på ulovleg vis arresterte og torturerte fangar, og laug om det til Kongressen. Men samandraget av denne rapporten, sjølv etter at CIA har gått gjennom den, viser ei forderving som er vanskeleg å forstå og som er endå vanskelegare å tåle», skreiv The New York Times på leiarplass.
Bestill abonnement her
KJØP