AUF-leiarens løfte til Gud

Terroristen skaut for andre gong. Nokre meter under militærstøvlane til Anders Behring Breivik låg 16 år gamle Astrid Willa Eide Hoem i ei trong og våt grotte, krøka saman med ti-tolv andre AUF-arar. Ingen av dei visste om dei ville overleve. Dei trudde Norge var i krig og at det føregjekk statskupp. Hoem hadde nettopp sendt melding til foreldra sine om at ho elskar dei, men at dei ikkje måtte ringe henne.

– Eg skjønte ikkje kva frykt var før 22. juli. Den heilt lammande frykta fylte meg. Eg tenkte: No døyr eg.

Ho hadde nettopp prøvd å ringe politiet, kom ikkje gjennom på linja, men lata likevel som om ho hadde snakka med politiet. Ho gjorde det for å roe ned partivenene som låg tett rundt i grotta. Plutseleg tenkte ho på den barnlege gudstrua til bestemora, og folda hendene for å gje Gud ein lovnad for resten av livet.

Portrett (Min Tro) av Astrid Hoem, AUF-Leder, tatt ved Domkirke i Oslo og Hoem sitt kontor.

Flanellografen på bedehuset

Mange år tidlegare, på det trygge bedehuset på Eide, tre kvarters køyring frå heimen på Kirklandet i Kristiansund. Astrid pleidde å gå på bedehuset med mormora Astrid Eide, som Hoem er kalla opp etter. Mormora som arbeidde på Coop, var med i KrF og frå plassen i kommunestyret kjempa ho mot ølsal i butikken.

Inne i den gule bygningen med det store korset utanpå, var det alltid mange gamle damer. Heilt framme i bedehuset, bak talarstolen, var det store bilete av Jesus i ei lilla kappe, som står og held handa på ei kvinne.

I eit avlukke ved sidan av den større møtesalen stelte dei eldre damene i stand søndagsskule for Hoem og dei andre borna. Ofte hadde ho med seg venninner frå byen. Dei eldre damene brukte flanellografen flittig og snakka mykje om Jesus, medan dei flytta rundt på dei små filtfigurane. Hoem stilte aldri spørsmål ved om det dei sa var sant. Ho slukte det rått.

– Eg tenkte berre at «sånn er det». Eg hadde ei veldig barnleg tru, som eg hadde lært av den andre bestemora mi, fortel Hoem.

Ho fortel om korleis farmora Nora Hoem kunne be til Gud om å hjelpe henne med å finne nøklane. Farmora kunne òg seie at ho kom til å slutte å tru dersom Gud ikkje passa skikkeleg på borneborna.

Ein gong på søndagsskulen på Eide bedehus skulle Astrid og dei andre borna framføre ein valfri barnesong. Dei andre borna song – i tråd med oppgåva dei hadde fått – kristne barnesongar. Astrid framførte med stor innleving «Wannabe» av 90-talsidola Spice Girls. Ho ler ein trillande latter når ho fortel historia.

---

Fakta: Astrid Willa Hoem

  • Leiar i AUF sidan oktober 2020
  • 26 år
  • Bakgrunn: Utviklingsstudiar ved Universitetet i Oslo
  • Sivil status: Singel
  • Aktuell med: Leia AUF gjennom 10-årsmarkeringane for 22. juli og stortingsvalkampen

---

Eit djupare alvor

Latteren og smilet kjenner mange att frå TV-intervju og intervju på radio, der den profilerte AUF-leiaren har tatt opp store og små saker, gjennom den korte tida ho har stått i vervet.

Vi har nettopp møtt henne i Oslo domkirke denne septembermorgonen, ein stad som alltid vil ha ein spesiell plass i livet til Hoem. Kvelden før har AUF-leiaren vore ute og feira valsigeren saman med partivenene i Arbeidarpartiet. Ho er kanskje litt smalare i augo enn vanleg. Vi går bortover mot AUF-kontoret på Youngstorget.

– Eg eig ikkje rytme og er litt tonedøv, forklarar 26-åringen.

Medan vi går fortel ho historia om då ho byrja å danse ballett som treåring, og om korleis den strenge, britiske danselæraren etter kvart sa til henne at «du er ikkje god til å danse, men du kan smile». Latteren trillar igjen. Det er bra kaffikoppen ho held i handa ikkje er full, då ville den skvulpa over.

Bak latteren og det store smilet, ligg eit djupare alvor i Astrid Willa Eide Hoem. Eit alvor over politikken og livet som tok henne tidlegare og meir brutalt enn det bør gjere for eit ungt menneske.

Portrett (Min Tro) av Astrid Hoem, AUF-Leder, tatt ved Domkirke i Oslo og Hoem sitt kontor.

Ingen veg tilbake

Sjølv om foreldrene til Astrid ikkje var spesielt religiøse, var alle besteforeldra kristne. Mora var ein truande kristen og medlem av kyrkjelydsstyret, medan faren forklarte Astrid at han rekna seg som kulturkristen. Ingen i familien var Ap-folk. Likevel tok det ikkje lang tid før Astrid var gripen av politikken, og då var det ingen veg tilbake.

I januar 2009 melde Hoem seg inn i AUF. Ho var 14 år. No ville ho reise til den segnomspunne sommarleiren på Utøya. Foreldra ville ikkje la henne reise.

– Eg skjønte nok meir av språket og sjargongen på bedehuset enn eg gjorde i AUF. Familien var ikkje i arbeidarrørsla, vi var ikkje sånne som flagga på 1. mai eller gjekk i tog, seier ho.

Først seinare skulle Astrid kjenne seg komfortabel med å kalle partivenene for «kameratar».

I AUF lærte Astrid om fridomskampen i Palestina, klimakrisa og kampen for internasjonal solidaritet. Det førte til reflekterande diskusjonar med besteforeldra. Ho fekk bryna seg på fleire verdispørsmål.

– I AUF kjende eg meg som del av noko større, som del av historia. Det var som å kome heim, men eg følte eg kom inn i ein framand heim der eg måtte lære alt.

Eg skjønte nok meir av språket og sjargongen på bedehuset enn eg gjorde i AUF.

—  Astrid Hoem

Frykta gutar og alkohol

Vi har gått opp trappene i Folkets hus. No sit Hoem inne på AUF-leiarkontoret, der skrivepulten står framfor vindauget som har ei av dei beste utsiktene utover Youngstorget. Fleire av dei mektigaste i norsk politikk har hatt den same utsikta frå det same kontoret gjennom historia. Ho ler – igjen.

Ho ler av foreldra som ikkje ville la henne reise til Utøya. Dei meinte ho var for ung.

– Dei var redd for gutar og alkohol, forklarar AUF-leiaren.

Foreldra hadde ikkje fått med seg at alkohol hadde vore forbode på Utøya heilt sidan 80-talet, då Martin Kolberg hadde innført den berømte paragraf åtte i leirreglementet, som forbaud alkohol under sommarleiren. Mora og faren kjende nokon som hadde drukke alkohol på Utøya. Det var ikkje snakk om at 14-åringen skulle få reise dit åleine. Dottera var for ung.

Mora meinte dessutan at Astrid burde konfirmere seg først. Det neste året brukte mora Utøya-sommarleiren som ei gulrot for den unge AUF-aren sin.

– Det handla om å oppføre seg fint eit år, fortel Hoem.

AUF-lederen utfordret partiledelsen i Arbeiderpartiet på klima i sin tale til nye AUF-ere. 
Foto: Torstein Bøe / NTB

Den sosialdemokratiske Jesus

På denne tida, året som gjekk frå 2009 til 2010, kjende ho ikkje lenger på den same tilknytinga til kyrkja og bedehuset, Gud og Jesus. Ho stilte fleire grunnleggande spørsmål.

Etter at ho melde seg inn i AUF fekk ho ei stadig sterkare oppleving av at religion faktisk var opium for folket. Den brennande ungdomspolitikaren tenkte at all utvikling gjekk mykje saktare viss ein blanda religion og politikk. Den Jesus som mora hadde lært henne om – den Jesus som hjelpte dei fattige, utstøytte og prostituerte – var ikkje så tydeleg hos alle kristne den unge AUF-aren møtte på.

– Den sosialdemokratiske Jesus som eg var tilhengar av som barn, vart litt borte for meg. Religion og politikk vart ofte blanda på ein sånn måte at eg ikkje kjende att kristentrua. Eg la det nesten heilt vekk, dette trudde eg ikkje lenger på, forklarar Hoem.

Det var på denne tida at Kristiansund-jenta éin kveld sette seg framfor PC-en heime, og skreiv på Facebook at ho var ateist. Ho ville vise verda kven ho eigentleg var. Likevel var det noko i henne som ikkje gav heilt slepp på tilknytinga til kyrkja og det kristne, som ein slags indre kamp. Ho melde seg til dømes aldri ut av Den norske kyrkja, sjølv om ho eitt år etter konfirmasjonen byrja som konfirmasjonsleiar for Human-Etisk Forbund (HEF). Det var viktig for besteforeldra at ho framleis var medlem av kyrkja.

– Eg tenkte at kanskje den dagen dei ikkje er her lenger, då skal eg melde meg ut. Men eg tenkte nok at kyrkja var litt gamaldags, og at det var kulare hos Human-Etisk Forbund, seier Hoem.

Men ho oppførte seg fint, og mora var einig.

Portrett (Min Tro) av Astrid Hoem, AUF-Leder, tatt ved Domkirke i Oslo og Hoem sitt kontor.

Verdas tryggaste stad

I juli 2010 fekk ho oppleve Utøya-leiren som alle AUF-arane ho kjende, hadde snakka så varmt om. Ho kom til ei øy der mange ungdommar for første gong var på ferie utan foreldra. Ei øy der den vesle gjengen frå Møre og Romsdal AUF tapte både fotballkampar og volleyballkampar, men likevel smilte om kapp med den gloheite julisola som skein over Tyrifjorden.

Ein av dagane sneik dei seg unna programmet. Gjengen frå Møre og Romsdal kjende ikkje så mange frå andre fylkeslag. Dei gjekk til sørspissen av øya og bada i det varme vatnet.

– Det var nokre gutar der, ja, men det var veldig uskuldig.

Mamma heime i Kristiansund kunne ta det med ro. Utøya var jo verdas tryggaste stad, eit paradis for engasjert ungdom. Ein stad der det lukta nyklipt gras og vaflar.

Vi spolar eitt år fram.

I den tronge grotta låg Hoem framleis med venene sine. Over dei kom terroristen, fascisten og massemordaren Anders Behring Breivik med dei dødbringande skota sine, gong etter gong. Ho førebudde seg på å bli liggande i grotta lenge, kanskje for alltid.

Kvar gong lyden frå automatvåpenet til Breivik stansa opp, vart Hoem letta, før ho seinare høyrde at han skaut ein annan plass på øya.

– Det var heilt jævlig.

Ho ser ned i bordplata.

Den livredde AUF-jenta låg inne i grotta og tenkte på heilt banale ting. Ho tenkte på at ho skulle byrje på vidaregåande skule om mindre enn ein månad, og at 22. juli var fristen til å søke skule-PC frå fylkeskommunen. Det hadde ho ikkje gjort endå.

– Eg tenkte at no blir eg den eine idioten som startar på vidaregåande utan skule-PC, men så tenkte eg i neste sekund: Kanskje det ikkje gjer noko, for då slepp dei jo å bestille éin for mykje, fortel ho.

Portrett (Min Tro) av Astrid Hoem, AUF-Leder, tatt ved Domkirke i Oslo og Hoem sitt kontor.

Snakka til Gud

I grotta på Utøya 22. juli 2011 tenkte Hoem på bedehusbasarane frå oppveksten, der ho hadde reist rundt med mormor og venninnene og vunne åresal etter åresal – i Fræna, på Eide og i Hustadvika. Ho hadde òg vunne 500 kroner på flakslodd ein gong.

– Kva om eg hadde brukt opp flaksen min, tenkte eg.

Hoem tenkte også at ho måtte lukke augo, så ho ikkje skulle sjå drapa og dei drepne partivenene sine. For slikt ville ho aldri klare å gløyme.

– Men så tenkte eg også at nokon må sjå det. Nokon må fortelje om det etterpå.

Ho falda hendene og snakka til Gud.

– Eg snakka inni meg til Gud, og sa at «no ber eg til deg Gud, og viss eg overlever dette, så lovar eg at eg skal tru på deg for alltid». Det var den veldig barnslege trugselen mot Gud, som farmor hadde lært meg då eg var lita, seier Hoem.

Når skytinga tok slutt og beredskapsfolka i politiet omsider fekk kontroll på terroristen, låg det 69 drepne menneske på Utøya. Dei fleste av dei var ungdommar og born. Éi av dei var venninna til Hoem, Guro Vartdal Håvoll frå Vartdal på Sunnmøre, som hadde vore med i Møre og Romsdal-delegasjon til sommarleiren.

Eg har eit barnsleg håp om at livet etter døden finst, og då håpar eg Guro sit der og følger litt med. Eg håpar det finst, for der kjenner eg så mange.

—  Astrid Hoem

– Eg var så sint. Ordentleg sint. Eg vart også sint på Gud. For viss det finst ei høgare makt, korleis kunne han la dette skje?

Ho var 16 år, skulle straks gå i gong med vidaregåande, men måtte no velje kven av gravferdene til venene ho skulle gå i.

Portrett (Min Tro) av Astrid Hoem, AUF-Leder, tatt ved Domkirke i Oslo og Hoem sitt kontor.

Angrar ikkje på lovnaden

I gravferda til venninna Guro, i Vartdal kyrkje på Sunnmøre, kjende AUF-aren ingenting der ho stod utanfor kyrkja mellom fjorden og fjella. På TV hadde Hoem sett at sorg var å sitte i senga og ete Ben & Jerry’s-is, men så kjende ho seg berre heilt nomen, som om ho var i ferd med å miste alle kjenslene sine, som om ho var i ferd med å bli galen.

Ikkje mange dagane etterpå reiste ho i gravferda til kompisen Tarald Kuven Mjelde frå Osterøy, der det i kyrkja vart spela Metallica. Der lærte Hoem at sorg òg er å kjenne seg tom.

Ho angrar ikkje på lovnaden ho gav Gud i grotta på Utøya. I dag er Astrid Hoem meir usikker, og kjenner at det eigentleg er litt deilig. Ho håpar himmelen er ein stad der dei spelar Metallica, og at Jesus er sosialdemokrat.

– Eg kjenner meg så skråsikker på så mykje i livet, så det er fint å slå seg til ro med at eg ikkje veit alt, seier ho.

– Kva er det som gjer at du ikkje klarar å forlate tanken på at det finst ein Gud?

– Eg trur det er mamma. Når ho snakkar om trua si, nestekjærleiken og den Jesus som jo var opptatt av fattige – det har eg litt lyst å tru på.

– Kvifor det?

– Fordi det er noko fint fellesskap over det. Eg har eit barnsleg håp om at livet etter døden finst, og då håpar eg Guro sit der og følger litt med. Eg håpar det finst, for der kjenner eg så mange.

---

4 raske

  • Gud er: Ei dame det kan vere vanskeleg å forstå.
  • Eg klarar meg ikkje utan: Farris og Kristiansund.
  • På gravsteinen min skal det stå: «Djupt sakna» og håpar att dei som er att meiner det.
  • Boka alle må lese: «Bli hvis du kan. Reis hvis du må»-trilogien av Helga Flatland.

---