Filmregissør Itonje Søimer Guttormsen har arva misjonsiveren – som ho brukar til beste for kunsten – etter farfaren, som var pastor i Misjonsforbundet.
Erlend Berge
Lilit i paradis
Filmskapar Itonje Søimer Guttormsen har alltid vore interessert i brysame kvinner. Spelefilmdebuten Gritt er nett blitt nominert til sju Amanda-prisar. Gritt (Gry-Jeanette), spelt av Birgitte Larsen, er ei kvinne med store visjonar og haltande gjennomføringsevne. Guttormsen kan kjenne seg att i det brysame ved henne.
– Då eg blei tatt opp på Den norske filmskulen, var det med ein føresetnad om at eg ikkje skulle lage revolusjon, seier ho og ler.
Vi vandrar rundt i Botanisk hage i Oslo. Dei vakre blomstrane og plantane i hagen har etterklangen av noko bibelsk. Det kunne like gjerne ha vore Adam og Eva som hadde møttest her. Eller vent no litt. Ikkje Eva, vil Guttormsen seie. Den første kvinna i Edens hage var Lilit. Ho som var så brysam at ho blei erstatta med ei ny.
Bestill abonnement her
KJØP