Ut av skapet
Ingeborg Senneset hadde helvetesangst
lenge etter ho slutta å tru på Gud.
Det er kaldt på det vesle rommet ved Østmarka, ei avdeling ved St. Olavs hospital i Trondheim. Ingeborg Senneset sit på ein hard sofa, med ryggen mot vindauget. Ho har trekt beina opp under seg og kviler hovudet på knea.
På andre sida av bordet sit behandlaren hennar. Det er snart tre år sidan ho vart innlagt for første gong.
I handa har ho ein lapp. Ho brukar å ha med det når ho veit ho kjem til å streve med å få sagt noko. Noko ho gjerne vil seie.