Jorda rundt på ein søndag
Over 100 nasjonalitetar er representert i Den katolske kyrkja i Trondheim.
Men å vere både kyrkje og sosialkontor
kan by på utfordringar.
Det er kaldt i Trondheim. Kalenderen viser juni, men det kunne like gjerne vore seint på hausten. Vinden bles over plassen der den katolske kyrkja brukte å stå. No er det berre grushaugar att.
– Den gamle kyrkja var eit eksperiment frå 1970-talet. Den var lite praktisk. I tillegg var der korrosjon og sopp, og den var altfor lita. Så vi er veldig glade for å vere kvitt den, seier kapellan Egil Mogstad idet han viser veg til det midlertidige kyrkjerommet.
Vi går langs kyrkjetomta og ned ei trapp ut mot Nidelva. Eit gjerde og frodige busker gjer at utsikta mot Studentersamfundet på den motsette elvebanken er så som så.