Frivillige på Krik Arena.
FRIVILLIGE: Sunniva Skjeldal, Andrea Sundgot Aarland og Dina Morken er frivillige medarbeidarar på Krik Arena.

– Eg trur mange ønskjer å gi noko tilbake

LEIR: Mange organisasjonar rapporterer om låg dugnadsånd etter pandemien, men Krik har ikkje hatt same utfordring. – Vi kjem for nokon andre, men sit igjen med mykje sjølv også, seier frivillig leirleiar.

Publisert Sist oppdatert

Lisa Børuds «Kjempefest» durar over høgtalaranlegget utanfor Normisjonhallen ved Bibelskolen i Grimstad. Ungdommar begynner å fylle opp plassen etter opningsmøtet, og ein og annan gjenforeiningsklem er å sjå mellom venner som kanskje ikkje har sett kvarandre sidan førre leir.

Fleirtalet av ungdommane er deltakarar på Krik Arena (sjå faktaboks). Men mange skil seg også ut med refleksgule Krik-vestar, som symboliserer at personen har eit leiaransvar.

I år har leiren 220 leiarar, og berre om lag 15 av dei er lønna tilsette. Sunniva Skjeldal, Andrea Sundgot Aarland og Dina Morken er tre av dei frivillige som har prioritert desse dagane til Krik-leir.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS