Det er i mørket vi ser lengst

Denne saken ble først publisert i 2021, men er hentet opp igjen i forbindelse med solsnu.

Ekstra ulltøy. Kvikklunsj. Kniv.

Fyrstikker og ved til å tenne opp bål.

Hovudlykt – sjølv om planen er at ho ikkje skal brukast. «Den som går med løkt i mørket, han ser ikke stjernene», seier poeten Hans Børli.

Førebels er det lyst nok der vi går, inn i skogen forbi Rustadssaga, som ligg i Østmarka i utkanten av hovudstaden. Vi har enno ikkje klart å sleppe unna lysløypa. Det er ikkje akkurat den ytste villmarka vi har tenkt å oppsøke. Men vi har med oss journalist og forfattar Sigri Sandberg, som ber med seg åtte år på Svalbard i sekken. Og ho har hytte på Finse. Ho er vand med mørket. Ho har endåtil skrive boka Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på Finse.

Saman med oss går prest og forfattar Elisabeth Thorsen. Ho har permisjon frå prestestillinga i Oslo domkirke for å skrive bøker. Romandebuten kom tidlegare i år og heiter Komposisjoner av lys. Turfølgjet kunne knapt vore betre.

Langt borte frå sola

Vi skriv den 21. desember 2021. Det er årets mørkaste dag. Om ein knapp time er sola så langt borte frå oss som ho kan komme. Alternativt: Om ein liten time er det vi som er så langt borte frå sola som vi kan komme. Vintersolverv er den dagen i året då den nordlege halvkula hallar lengst vekk frå det lysande sentrumet i solsystemet.

Det er ein passande dag for å snakke om mørket. Det er heile planen: Dra ut i skogen og snakke om mørket. Det er ein fin dag på jobb. Men mørkt er det enno ikkje blitt.

Solsnu. Årets mørkeste dag. Ut i skogen med Sigri Sandberg og Elisabeth Thorsen.

– Vi går framleis i lyset. Det er faktisk litt vanskeleg å sleppe unna det. Du som gjerne dreg til Finse for å sleppe unna lyset over hovudstaden, Sigri Sandberg, kva tenker du om lysforureining?

– Det er noko eg er særs opptatt av! Etter at boka mi kom ut, er det blitt starta ein organisasjon som heiter «Bevar mørket». Ei viktig sak er å jobbe mot lysforureining, til dømes i hyttefelt. Eigentleg er det ei forureining det er veldig lett å gjere noko med. Det er jo berre å skru av lyset, seier Sandberg.

– Men det er ikkje så lett for oss å skru av lyset langs skogsvegen her vi går?

– Nei, ikkje akkurat her! Og sjå opp på himmelen. Dette er den mørkaste dagen i året, men den skykledde himmelen er langt ifrå mørk. Han er grå, litt raudleg, nesten lilla. Det kunstige lyset frå Oslo kan du sjå nesten 20 mil ut av byen. Det påverkar nattehimmelen.

– Stjernehimmelen blir svekka?

– Ja.

---

Mørketid

  • Vintertid er mørketid. For nokre dagar sidan var det vintersolverv, den aller mørkaste dagen i året.
  • Vintersolverv er den dagen i året då den nordlege halvkula hallar lengst vekk frå det lysande sentrumet i solsystemet. I år «snudde sola» den 21. desember kl. 16.59.
  • Vårt Land drog ut i skogen med Elisabeth Thorsen og Sigri Sandberg for å snakke om mørket – og lys.
  • Elisabeth Thorsen har for tida permisjon frå stillinga som leiande domkyrkjeprest i Oslo domkirke. Romandebuten kom tidlegare i år og heiter Komposisjoner av lys (Vigmostad og Bjørke)
  • Sigri Sandberg er journalist og forfattar og kom i 2019 med boka Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på Finse (Samlaget).

---

Er det lyst nok no?

Journalisten og forfattaren påpeiker korleis mørket gjennom historia alltid har vore assosiert til noko negativt.

– Sjølve ordet har også sett seg som noko kjipt og negativt. Mørk fortid. Mørkemann. Mørketal. Motsett har lyset alltid blitt sett på som det positive, det gode, kunnskap, det å kunne sjå. Menneska har kjempa mot kulden og mørket og skaffa seg meir og meir lys – frå eld til LED. Kanskje er det lyst nok no? Vi lukkar oss inne i ei lysboble. Men det finst også noko mjukt og godt med mørket, noko som er viktig for oss.

– Det mjuke mørket ... då tenker eg på Jon Fosse.

­– Ja, han er ein av dei få diktarane eg har lese som assosierer mørket til noko positivt. Eit lysande mørker.

Sandberg fortel at ho i arbeidet med si eiga bok spurde Jon Fosse om han kunne definere mørket for henne. Det kunne han ikkje. Men han sa noko likevel, som ho tok med seg vidare:

­– Du kan aldri sjå lenger enn i mørket. Det synest eg er så fint.

Sjølv har ho eit ambivalent forhold til mørket. Ho er blitt kalla for «mørkets forkjempar» og vil gjere noko med det dårlege ryktet som mørket har fått. Samtidig er ho mørkeredd.

– Etter kvart har eg likevel funne ut at det er mykje større grunn til å frykte at mørket forsvinn! Den vesle mørkeredselen min blir liksom ikkje så farleg i forhold, sjølv om han er ei reell kjensle i kroppen.

Ut i skogen under solsnu med Sigri Sandberg og Elisabeth Thorsen.

Redd i mørket

– Eg merkar at vi startar denne turen med ein nokså positiv inngang til mørket. Vi er på veg inn i mørket, vi vil oppsøke det, og vi snakkar om å bevare det. Kva forhold har du til mørket, Elisabeth Thorsen?

– Eg tenkte akkurat på at det var mykje mørke der eg vaks opp, på Skoppum. Eg gjekk ofte på skogsvegar som dette for å besøke vener. I det stummande mørket var eg redd når eg gjekk åleine, så eg brukte å synge «Alltid freidig når du går». Det var så fint å synge «Aldri redd for mørkets makt». Men eg begynte å gråte når eg song «Kjemp for alt hva du har kjært, dø om så det gjelder». Det trur eg var fordi eg kjente på samanhengen mellom mørket og døden, og fordi eg var redd for å døy.

– No har du allereie nemnt døden. For det finst eit ganske tett band mellom mørke og død?

– Døden er på ein måte «mørket», i bestemt form eintal.

– Skapingsforteljinga i Bibelen fortel at jorda først var mørk – «mørker låg over djupet» – før Gud skapte lyset. Kva tenker du om den forteljinga, at alt starta i mørket?

– Eg tenker at ho handlar om å framkalle noko frå kaos. Lyset blir skild frå mørket, den faste jorda frå vatnet. Ein leveleg stad trer fram. Samtidig trur eg også det er praktiske forklaringar på at ein ønskjer å lyse opp noko.

Thorsen ønskjer ikkje å underslå det potensielt farlege ved mørket. «Mørkets gjerningar» er det noko som heiter. Valdtekter har gått føre seg i mørket. Ran. Drap. Men mørket er ikkje eintydig negativt, heller ikkje i Bibelen, som blant anna dreg ein parallell mellom mørke og kvile.

– Den flottaste erfaringa med mørke hadde eg i Etiopia. Nattehimmelen var så vid der, stjernene så fine! Så mørkt får vi det aldri i Noreg, seier ho.

Det verkar som ho har rett. Vi er komne eit godt stykke inn i skogen, og framleis er ikkje lyset fråverande. Dette er éin definisjon av mørke – fråvere av lys. Men vi ser framleis gatelykter frå skogsstien vi har bøygd av frå. Den grålilla himmelen over oss er framleis opplyst av lysa frå byen.

Men så ser vi brått eit anna slags lys. Glørne frå eit bål. Nokon har vore her ute i skogen før oss, og latt glørne bli liggande att til dei neste som kom forbi.

– Slik var det i urtida. Ein tok vare på glørne. Tok dei med seg vidare til neste leirplass, seier Sandberg.

Solsnu. Årets mørkeste dag. Ut i skogen med Sigri Sandberg og Elisabeth Thorsen.

Gleda over bålet

Vi set oss ned og legg på meir ved. Gleda over bålet kjennest i kroppen. Vi finn fram kvikklunsjen og varm drikke. Heretter går samtalen føre seg i bållys.

– Mørke og lys ... eg lurer litt på om det er eg som skal representere lyset, seier Thorsen.

– Hehe. Nei, vi har ikkje fordelt posisjonane. Vi får sjå korleis det endar til slutt.

Vi ler.

Etter litt kvikklunsj- og julekakefordeling ser vi på klokka.

– No er det berre fem minutt til sola snur!

Det aktuelle tidspunktet er 16.59 – frå då av går det mot lysare tider.

– Gleda over lyset har sin bakgrunn i mørket. Dersom det hadde vore lyst heile tida, ville vi ikkje gledd oss over det, seier Thorsen.

Det jo sant. Vi må tygge litt på den, saman med kvikklunsjen. Både Thorsen og Sandberg meiner dette: Vi treng både lyset og mørket. Kroppen treng det og sinnet treng det. På grunn av helsa, ikkje minst. Sinnet vårt treng å sjå dagslyset, og sinnet treng å få kvile og ro. Kroppen treng lys, og han treng mørke, så vi får sove og restituere oss. Ungdommar som har mobilskjermane på om natta, får truleg ikkje sove like godt som dei treng.

– Det blå lyset er det farlegaste for hjernen vår. Det stoppar søvnprosessen, seier Sandberg.

Gleda over lyset har sin bakgrunn i mørket. Dersom det hadde vore lyst heile tida, ville vi ikkje gledd oss over det.

—  Elisabeth Thorsen

Vi pausar samtalen litt, klokka er 16.59. Vi tek augneblinken inn over oss. No har det skjedd. No er det mørkaste tilbakelagt. På ein måte. Men det er jo framleis ettermiddag. Utover kvelden blir det på eitt vis både mørkare og lysare på ein gong.

– Vi driv kanskje med å rehabilitere mørket på denne turen, men det kjennest likevel godt med solsnu, at det går mot vår og sommar. Eller er det ikkje slik for dykk?

– Eg grua meg til denne vinteren her, seier Thorsen, som er glad for at det no blir lysare dagar.

– Men eg synest ikkje han har vore så mørk. Kanskje eg er blitt flinkare til å sjå lyset fleire stader? At eg får meg med fleire nyansar?

Sigri Sandberg meiner òg at det er bra med meir dagslys. Ho har budd på Svalbard der det er polarnatt åtte veker i året. Då er det like mørkt midt på dagen som midt på natta. Dagslyslampe blei etter kvart nødvendig. Men når lyset først kom om våren, kom det fort. Det går saktare i hovudstaden. Også her ute i skogen kjenner vi ikkje effekten av solsnu på ei god stund enno.

Solsnu. Årets mørkeste dag. Ut i skogen med Sigri Sandberg og Elisabeth Thorsen.

Lyset rommar alt

Vi legg på meir på bålet. Ved og avispapir flammar opp. Bållyset blir for ei stund markant sterkare. Det er eit godt lys i bålet. Ikkje blått, farleg lys, men varmt og mjukt. Det lar oss sjå kvarandre, som Thorsen seier det.

Du har skrive romanen Komposisjoner av lys. Kan du fortelje litt om den?

– Ideen til tittelen kjem frå Isaac Newton og eksperimenteringa hans med lysspekteret. Han sendte lyset gjennom eit prisme for å sjå kva det består av. Han var faktisk i karantene på grunn av pest, og måtte dra heim til garden der mora budde. Mora hadde fått ny mann, som han ikkje likte. Newton fantaserte om å ta livet av stefaren, men fekk så dårleg samvit at han planla å skrifte dei mørke tankane sine for presten. Dette skriv han om i eit brev, og samtidig skriv han om eksperimenta sine med lyset. «Eg er langt nede», skreiv han til ein ven. «Men eg blir så glad når eg ser kor vakkert lyset er komponert.»

Thorsen er opptatt ikkje berre av kontrasten mellom mørke og lys, men endå meir av alt lyset rommar, så å seie – symbolisert ved dei ulike fargane i lyset.

– Mørket finst eigentleg ikkje. Totalt mørke finst ikkje. Same kor djupt ned du dukkar, finst det dyr som reflekterer lyset. Mørket finst ikkje som ein storleik i seg sjølv, seier ho.

Same kor djupt ned du dukkar, finst det dyr som reflekterer lyset. Mørket finst ikkje som ein storleik i seg sjølv.

—  Elisabeth Thorsen

Hovudpersonen i romanen opplever at tilværet er blitt dimma, kanskje ikkje av mørke, men av ei slags tåke.

– Ho undersøker om det finst eit eksistensielt prisme som gjer at vi ser kor vakkert livet er komponert. Heile romanen er eit forsøk på å vere eit slikt prisme. Det kan bryte lyset – og opne lyset så vi ser det vakre vi kan oppleve at nesten ikkje finst. Men lyset du treng, finst. Det finst alltid lys, seier Thorsen.

Solsnu. Årets mørkeste dag. Ut i skogen med Sigri Sandberg og Elisabeth Thorsen.

Lysforureining i kyrkja

Ho trur at kyrkja ofte er så redd for å snakke om dei mørke sidene ved livet at det innimellom kan bli «lysforureining» der også. For alt er ikkje berre lys.

– Mange prøver å trøyste med lyset, ved å sette på litt for mykje.

– Å trøyste med lyskastar?

– Ja. Nyansane og fargespelet i trua kan forsvinne i eit flombelyst rom.

– Du har jo vore prest i mange år. Korleis har du reflektert rundt dette? Er du ein som skal bringe lys til menneska?

– Eg føler at eg har trengt å vere prest. For ein prest er ein som står i vekslinga mellom lys og mørke heile tida. Både i menneskemøta, i liturgien og når ein jobbar med bibeltekstane. Eg ser på meg sjølv som ein som står saman med folk og forsøker å finne ord. Bringe fram noko som kan knytte oss saman og løfte oss. Løfta sjela. Det har samtidig vore viktig for meg å prøve setningane mine, og seie noko som rimar med erfaringane våre. Med eksistensen. Er dette sant for meg? På kva slags måte kan det vere sant?

Vi ruskar i bålet. Glørne dansar. Dei liknar eldfluer. Og vi snakkar om at vi må inn i mørket, og tole det, for å få auge på desse eldfluene. Vi må ta vare på mørket fordi det vil fortelje oss noko.

Samtidig er det alltid meir lys rundt oss enn vi først trur. Dette er også eit naturvitskapleg faktum. Sigri Sandberg veit meir om dette. For opninga inn til netthinna vår er for lita til at vi kan fange opp alt lyset rundt oss. Difor er det mengder av lys som er usynleg for oss, som ultrafiolett lys, infraraudt lys.

– Vi ser berre lyset som finst på ei viss bølgjelengde, seier ho.

Solsnu. Årets mørkeste dag. Ut i skogen med Sigri Sandberg og Elisabeth Thorsen.

Å dele mørket

Litt av det same gjeld mørket. Det er ikkje alt mørket vi ønskjer å oppfatte, eingong. Fengselsinnsette som kjem attende til samfunnet med eit mørke dei ber i seg – vil vi høyre om det? Thorsen har nettopp vore hos ei slik gruppe.

– Mange av dei slit med eit mørke som det er vanskeleg å finne språk for. Men dersom vi kjem i ordentleg samtale og deler mørket med kvarandre, meiner eg på ramme alvor at det er eldfluer å oppdage, seier ho.

– Jesus seier om seg sjølv at han er verdas lys. Kva tenker du om det?

– Då er det interessant å snakke om kva lys er. Vitskapen kan fortelje oss at mørket eigentleg ikkje finst. Jesus er såleis i det som finst overalt, også i det djupaste mørke. Han kunne eigentleg ikkje ha vore noko anna enn lys. Mi eiga erfaring er at eg har trengt Gud mest når eg har hatt det som verst. Og i mørket kan vi, som vi snakka om, sjå lengst.

Lyset er altså overalt, sjølv når vi er i mørket. Også når vi kjenner oss åleine, fordi vi ikkje kan sjå dei andre. Vi ser vekselvis inn i bålet, på kvarandre, ut i mørket. Det er eit nærvær her i skogen som ikkje nødvendigvis slår inn overalt elles.

Sandberg dreg fram Leonard Cohens klassiske verselinje: «There’s a crack in everything, that’s how the light gets in.» Lyset kjem inn til oss gjennom sprekkene. Også når vi sjølve er såra og sprukne. Kanskje er det rett og slett ein føresetnad for at lyset skal nå inn til oss? Ingen av oss går vel gjennom livet utan ei einaste sprekke i fasaden.

«Tek eg soloppgangens venger og slår meg ned der havet endar, då fører di hand meg jamvel der, di høgre hand held meg fast. Eg kan seia: ‘Lat mørkret løyna meg og lyset omkring meg bli natt.’ Men mørkret er ikkje mørkt for deg, natta er lys som dagen, mørkret er som lyset.»

—  Salme 139,9–12

Bringe elden vidare

Det går mot oppbrot frå leirbålet. Skal vi slokke det med snø, eller skal vi la glørne ligge igjen til andre som eventuelt kjem etter oss? Eit dilemma. Vi kjenner nok mest for å bringe elden vidare til nye menneske. Med snø på alle kanter, verkar det trygt nok, også. La glørne lyse opp i mørket.

Så går vi heimover gjennom skogen. Vi kjenner at det er nyansar i mørket, slik det er i lyset. Vi treng balansen.

Solsnu. Årets mørkeste dag. Ut i skogen med Sigri Sandberg og Elisabeth Thorsen.

Vi kikkar opp mot snøfnugga som dalar ned over oss mens vi går. Stjernehimmelen ser vi ikkje i dag. Himmelen lyser grålilla. Vi er inne i lysløypa igjen. I den fallande, opplyste snøen blir kvar enkelt snøkrystall ei blinkande stjerne i kveldsmørket.

Dei minner oss om å halde blikket heva. Prøve å sjå langt.