Nyheter

Vil ha lågare stengsler for nattverden

Teolog Ola Tjørhom ønskjer nattverdsfellesskap mellom katolikkar og protestantar. Han vil ikkje utelukke muslimar kategorisk.

– Vi treng i utgangspunktet lågare og ikkje høgare stengsler for nattverden, seier professor emeritus i teologi ved Universitetet i Agder, Ola Tjørhom.

Nyleg skreiv vi om den norske studenten Razwan Afsar, som ønskjer å ta del i den kristne nattverden utan å fire på si muslimske tru. Nokre prestar opnar for det, andre set foten ned.

LES HEILE SAKA: Ein muslim søker nattverd

Tjørhom, som for tida skriv på ei bok om nattverd, har personleg erfaring med ulike nattverdssyn etter å ha konvertert til katolisismen i 2003. Femten år seinare konverterte han attende til Den norske kyrkja. Teologen vil ikkje seie at dåpen er ein absolutt juridisk føresetnad for nattverd, men at det som blir feira med brødet og vinen er det livsfellesskapet med Kristus som blir grunnlagt i dåpen.

– Dette skal ikkje pressast fram som ein regel, for det kan sikkert finnast gode og viktige unntak. Men det er ikkje uproblematisk å delta i nattverdhandlinga utan å vere døypt, seier Tjørhom, som meiner at kyrkja også av denne grunnen bør oppmode flest mogleg til å la seg døype.

Viktig fellesskap

– Den muslimske studenten vi skreiv om på laurdag meiner at han kan gå til nattverd sjølv om han ikkje søker frelse og heller ikkje oppfattar brødet og vinen som Jesu kropp og blod. Han ser på nattverden som eit fellesskapsmåltid til minne om Jesus. Er det problematisk?

– Nei, fellesskapsdimensjonen er avgjerande i nattverden. Det har jo vore ein tendens i den vestlege kyrkja å stire seg så nærsynt på brødet og vinen at ein gløymer heile fellesskapsaspektet. Dette er i høgaste grad eit menneskeleg og sosialt fellesskap. Men samtidig har fellesskapet Kristus som grunnlag, og vi får del i Kristus gjennom brødet og vinen, seier Tjørhom.

Kristus er her forstått som Bibelens Jesus Kristus, som skil seg frå islams Isa (Jesus) på vesentlege punkt, ikkje minst i spørsmålet om han var og er Guds son. Det vil såleis vere vanskeleg for ein muslim å delta i den kristne nattverden. Tjørhom vil ikkje utelukke det kategorisk, men meiner det finst andre måtar å delta i kyrkjelege fellesskap på.

– Nattverden som minnemåltid handlar heller ikkje berre om å minnast Jesus «oppe i hovudet», men at Kristus er sakramentalt til stades gjennom det vi et og drikk. Spørsmålet er likevel komplisert. Eg er fascinert av korleis denne studenten tek tinga på alvor og reflekterer grundig rundt dei, og det er positivt at ein muslim søker fellesskap og kontakt med den kristne kyrkja. I dag er vi med gode grunnar livredde for å avvise nokon, og det same gjeld meg. Det kan likevel vere grunn til å returnere utfordringa og spørje kvifor det er meiningsfullt for han som muslim å delta i den kristne nattverden.

Grunn til kritikk

– Eit meir typisk dilemma er nordmannen som er på ferie i Roma. Skal han eller ho gå fram under nattverden? Katolikkar har jo eit strengare nattverdssyn enn protestantar.

– I hovudsak avviser katolikkar nattverdsfellesskap med protestantar. Men det finst nokre unntak, om den lokale presten tillet det. Og somme stader går nok protestantar til katolsk nattverd også utan å seie noko eller gi teikn til at ein høyrer til i ei anna kyrkje. Det er ikkje heilt greitt. Då pressar du deg på i andre sine måltid. Samtidig er det all mogleg grunn til å stille kritiske spørsmålsteikn ved den katolske praksisen. Katolikkar og protestantar har komme mykje nærmare kvarandre i nattverdssyn dei seinaste tiåra, utviklinga har vore enorm. Sjølv har eg i mange samanhengar foreslått å ta nokre skritt på vegen mot nattverdsfellesskap, men det er blitt avvist, fortel Tjørhom.

– Det vil med andre ord vere vanskeleg for den katolske kyrkja å ta imot ein muslim til nattverd?

– Det vil vere vanskeleg, ja. Det hadde vore lettare for Den norske kyrkja, trur eg. Ofte er rett nok praksisen mykje opnare enn læra, så det er ikkje heilt utenkeleg at ein muslim ville blitt ønska velkommen. Men det skal nok ganske mykje til før det skjer.

LES MER: 

• Min tro: Muhammad Rafiq ba til Gud da han overmannet terroristen

• Teolog Gyrid Gunnes: – Jeg har aldri fått så mye hets som etter kronikken i Vårt Land

• Tar imot utstøtte: – En ung gutt, en pinsevenn, ble kastet ut fordi han føler seg som jente

---

MUSLIMAR OG NATTVERD

  • Muslimske Razwan Afsar leverte før sommaren ei masteroppgåve i religion og samfunn på Det teologiske fakultet (TF) ved Universitetet i Oslo. Tittelen var «En muslims bekjennelse av nattverd».
  • I laurdagsavisa skreiv vi om Afsars drøfting av spørsmålet. Han er komen fram til, for sin eigen del, at han vil delta på ein kristen nattverd.
  • Fleire prestar er opne for dette, mens andre er imot. Det er ulike syn blant kristne og muslimske teologar.

---

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter