VID får likevel bygge vidare på Misjonsmarka – men risikerer å måtte rive seinare
DISPENSASJON: Fasaden på den nye høgskulebygningen til VID i Stavanger var allereie ferdigbygd då statsforvaltaren trakk byggjeløyvet tilbake. No får dei byggje vidare medan ny reguleringsplan blir utforma, men risikerer å måtte rive seinare, skriv Stavanger Aftenblad.
NABOKLAGER: Seks av naboane til det nye undervisningsbygget har klaga byggeløyvet inn til Statsforvaltaren. Dei fekk medhald der, men kommunen har no gjeve utbyggjar mellombels fritak frå reguleringsplan, og arbeidet kan derfor halde fram.
Ensign
Berre ei veke er gått sidan statsforvaltaren i Rogaland, Bent Høie, beordra full stans i arbeidet på VID vitskapelege høgskole si nye skulebygning på Misjonsmarka i Stavanger.
No har utvalet for by- og samfunnsutvikling i Stavanger gjeve høgskulen dispensasjon frå reguleringsplan i fire år, og med der står dei fritt til å fullføre det nye undervisningsbygget slik at det kan stå klart til studiestart hausten 2022, skriv Aftenbladet.
Men arbeidet må VID gjere på eige ansvar. Om ein ny reguleringsplan ikkje er godkjend innan dei fire åra er gått, vil det få kostbare konsekvensar.