Veiteberg heime att frå Palestinatur: – Me sviktar fordi ein tenkjer at ein skal velje side
DEN NORSKE KYRKJA: Den ferske Palestina-turen til biskop Kari Veiteberg gjorde sterke inntrykk. – Me treng ikkje å skjøne meir. Me har sett nok.
I RUINAR: Kari Veiteberg fortel at ho møtte mannen Fakhari Abu Diab som budde i huset i Aust-Jerusalem som no berre er ruinar. – Busetjarar overtek hus og leilighetar i det store palestinske nabolaget Silwan, og markerer det ved å henge opp israelske flagg på utsida, seier Veiteberg.
Jannik Abel
Biskopen viser veg inn til eit stort møterom i bispegarden i Oslo sentrum. Frå taket heng ei imponerande ljosekrone.
Kari Veiteberg kom heim frå reise rundt i Palestina for to døgn sidan, og framleis pregar inntrykka henne sterkt. I fjor budde ho i ein månad i Betlehem, og forskjellen til det som møtte ho denne gongen var stor.
– Det er ei fortviling eg ikkje har møtt før. Det som gjorde størst inntrykk var drosjesjåføren, ungdommane og prestane som seier at «no ser me ikkje håpet lengre».
Bestill abonnement her
KJØP