TV-predikant Svein Magne Pedersen risikerar politianmeldelse
ÅTVARING: Om ikkje Misjonen Jesus Leger leverer årsreknskap innan 18. mars, kan saka ende i rettsvesenet.
SISTE FRIST: Svein Magne Pedersen har fått Stiftingstilsynet på nakken etter å ikkje ha levert reknskapen for 2023. Biletet er frå 2007.
Martin Eikeland
Stiftelsestilsynet varslar moglege sanksjonar mot Svein-Magne Pedersens stifting etter manglande rekneskapsrapportering. Det melder Dagen.
Den kjente helbredelsespredikanten er dagleg leiar for stiftinga Misjonen Jesus Leger. Dei har ikkje levert årsreknskapen for 2023 innan fristen, og har no for andre gong blitt åtvara om at dei må levere den same rekneskapen.
No risikerer stiftinga gebyr, å bli meldt til politiet og at styret blir sett av, ifylgje Dagen, som har fått innsyn i eit brev der dette kjem fram. Her blir det også gjort klart at manglande rekneskapsføring kan føre til fengselsstraff på opptil to år.
Bestill abonnement her
KJØP