Trur kyrkja kan spele stor rolle i førebygging av ungdomskriminalitet

TELTMØTE: Fleire Vårt Land møter på teltmøte på Mortensrud har opplevd at Gud og trua hjelpte dei ut av kriminaliteten.

Teltmøte på Ekeberg.
VAR EIN AV UNGDOMMANE: Truls Petter Andersen med hunden Rafiqi utanfor sirkusteltet der seminaret om ungdomskriminalitet og rus føregjekk. Han har sjølv opplevd å vere ein av ungdommane som hamna i kriminelle nettverk.
Publisert Sist oppdatert

Bak eit kjøpesenter ved T-banestasjonen på Mortensrud i Oslo står eit digert kvitt sirkustelt. I teltet har nesten 200 menneske samla seg for å høyre om korleis ein kan førebyggje kriminalitet og rus i bydelen.

– Me ønskjer at alle menneske i bydelen vår skal få oppleve lys, håp og fridom. Me trur me har noko godt å bringe og at Jesus er det lyset me alle treng, seier Trond Løberg, sokneprest i Klementsrud og Mortensrud kyrkjelyd til Vårt Land.

Arrangementet er eit samarbeid mellom foreininga Det finnes håp og Maritastiftelsen, og Løberg er ein av initiativtakarane. Saman vil dei setje lys på utfordringane mange unge i området står i, samt tilby eit alternativ. På fredagens seminar talte tidlegare svenske Kartellen-medlemmen Betz Assefa, politioverbetjent Hans Magnus Gjerlaug, og Ap-politikarane Ola Mannsåker og Hadia Tajik.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS