Trur fleire opplever ekteskapsidealet som trua: – Ein type kulturkamp for nokre kristne
EKTESKAPSSYN: Professor og Ansgar-rektor Ingunn Folkestad Breistein meiner å sjå to kristne ideal stå mot kvarandre i ein del kristne kretsar. Det eine er likestilling, det andre er tenkinga om mannen som overhovud.
HISTORIEBROT: Ingunn Folkestad Breistein synest det er interessant at mange av kyrkjesamfunna som i dag har eit tradisjonelt syn på ekteskap og roller, stammar frå lekmannsrørsla og vekkinga. – Dei var pådrivarar for eit egalitært ideal, seier ho.
Ansgar
– Kor vanleg er det for kristne å ikkje tenkje «full likestilling» i ekteskapet?
– Eg vil iallfall anta at det er vanlegare innanfor enkelte kristne kretsar enn utanfor, å tenkje at kvinna skal vere underordna, seier professor i kyrkjehistorie og rektor på Ansgar høyskole, Ingunn Folkestad Breistein.
Spørsmålet om ein skal tolke Bibelen til at mannen skal vere «hovudet for kvinna» er igjen blåse liv i etter at skribent og debattant Sofie Braut delte sine erfaringar i Stavanger Aftenblad og Vårt Land.