Trekkjer seg frå valkomité i NLM: – Eg må ha fred i mitt eige samvit
NLM: Andreas Myklebust saknar at dei som kritiserer Misjonssambandet får svar og blir høyrt.
KONTROLLFUNKSJON: – Dei kjem til kort når det gjeld den kontrollfunksjonen dei må ha overfor administrasjonen, seier Andreas Myklebust om hovudstyret i Misjonssambandet.
Foto: Hilde Riset Fjone
– Eg ser ingen vilje til å rydde opp, skriv Andreas Myklebust, i eit lesarinnlegg i Vårt Land, der han gjer det klart at han trekkjer seg frå valkomiteen som skal finne kandidatar til nytt hovudstyre i Norsk Luthersk Misjonssamband (Misjonssambandet).
Han seier hovudstyret ikkje har vist evne til å møte urett med rett, og at han ikkje lenger har frimot til å vera med i Misjonssambandet sin valkomité.
– Det har blitt vanskeleg for meg å invitere inn ressurssterke menn til eit slikt styre.