TikTok-stjerne og tidlegare Jesus-influenser kom ut av skapet i video: – Eg er elska uansett

HOMOFILI: Levi-Johan Ellingsen Holm har lagt lokk på at han likar gutar sidan tidleg i tenåra. Når han no har fortalt om legninga si, får han ikkje lenger får vere pinseungdomsleiar. Likevel føler «Leviyo» seg inkludert.

Levi-Johan Ellingsen Holm
FRI: Sjølv om Levi-Johan Ellingsen Holm og pinserørsla er ueinige om praktiseringa av homofilt samliv, ser ikkje TikTok-stjerna på det som nokon grunn til å melde seg ut.
Publisert Sist oppdatert

Natt til onsdag førre veke får Levi-Johan Ellingsen Holm knapt sove. Han veit at dagen etterpå, då skal det skje noko livsforvandlande:

– Eg låg og kverna, og planla kva eg skulle seie. Eg måtte vere sikker på at det blei akkurat slik eg ville formidle det, seier TikTok-stjerna «Leviyo», som har over 48.000 følgarar på det sosiale mediet.

Etter at han hadde gjort opptaket av seg sjølv, kor han fortel at han er kristen og homofil, såg han igjennom videoen nesten 20 gonger.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS