Teologiske høgskular mistar millionar – peiker på desse årsakene
UTDANNING: Betalar dyrt for ny politikk.
HØGE SUMMAR: Hos Arne Mella på Høyskolen for ledelse og teologi kjem det framleis internasjonale studentar – men dei må betale høg studieavgift etter ny politikk.
Morten Marius Larsen
– Vi har hatt sju gode år, og har gjort litt som Josef; spart opp med tanke på sju dårlege år, seier Vidar Leif Haanes, rektor ved MF vitenskapelig høgskole.
Tidene er utfordrande for MF og fleire av dei andre teologiske studiestadene.
Både MF og Høyskolen for ledelse og teologi (HLT) styrer no mot eit år i budsjettunderskot.