Teolog om biskopens nye syn: – Likekjønna samliv ikkje lenger eit like viktig spørsmål

HOMOFILI: Det vekte merksemd då Møre-biskop Ingeborg Midttømme uttalte at ho har snudd i spørsmålet om likekjønna samliv. – Ein gjev kanskje spørsmålet om likekjønna samliv uforholdsmessig stor plass, meiner dekan ved Det teologiske fakultetet.

Aud Valborg Tønnessen
OVER TID: Dekan ved Det teologiske fakultetet, Aud Valborg Tønnessen, trur homofilispørsmålet over tid har blitt mindre viktig i Den norske kyrkja. Ho synest det er interessant at Møre-biskop Ingeborg Midttømme har endra standpunkt til likekjønna vigsel.
Publisert Sist oppdatert

Biskop i Møre, Ingeborg Midttømme, har vore ein del av mindretalet av biskopane som har meint at det ikkje er eit bibelsk grunnlag fot å vie par av same kjønn.

Nyleg blei det klart at ho har snudd i spørsmålet. På spørsmål om når det skjedde, sa ho til Vårt Land at det har skjedd i etterkant av samlivsvedtaket som opna for likekjønna vigsel i Den norske kyrkja (DNK) i 2016.

– Eg aksepterer at eit ekteskap er eit ekteskap. Det går ikkje an å setje ein dato. Det er store spørsmål, da må ting få ta tid. Det er lov å bli eldre og sjå eit større bilete, sa biskopen.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP