Tek til orde for nye pinseritual
Korleis skal pinsa bli noko meir enn berre ei ekstra langhelg tidleg på sumaren? Pinsa er så fargerik at det er lett å løfte høgtida, meiner Jorunn Bergo Aarvik.
Mange brenn bål på sankthansaften, men bålbrenninga ved pinsetider er ikkje så kjend og utbreidd. Bildet er frå sankthansfeiring på Hvervenbukta i fjor.
Fredrik Hagen
Nordmenn flest veit godt korleis dei skal feire påska og særleg jula, men pinsa heng meir i lause lufta. Få veit heilt kva som hende i Jerusalem på pinsedagen, og dei fleste har knappast nokre ritual for høgtida. Dette vil barne- og familiekonsulent Jorunn Bergo Aarvik i NLM Ung gjere noko med.
Ho sit i redaksjonen for nettstaden TilTro.no, som er eit samarbeidsprosjekt mellom organisasjonane NLM Ung, Awana, Frikirkens Barn og Unge og Misjonskirken Ung. Der har ho mellom anna skrive nokre tips til familiar som vil skape barnevenlege tradisjonar for den litt gløymde kyrkjelege høgtida pinse.
– Mange fargerike detaljar
Bestill abonnement her
KJØP