Svensk presteutdanning blir gjort om etter kritikk
TEOLOGI: Nesten halvparten av studentane på presteutdanninga ved Den svenske kyrkjas utdanningsinstitutt er misnøgde med utdanninga. No blir det endring.
NEDSLÅANDE: Etter svært dårlege tilbakemeldingar frå studentane ved Den svenske kyrkjas utdanningsinstitutt vil dei no gå gjennom svara og potensielt laga ein heilt ny utdanningsplan.
Johan Nilsson/TT
I ei evaluering i fjor kom det fram at meir enn ein av tre studentar ved den svenske kyrkjas utdanningsinstitutt (Skui) ikkje var nøgde med utdanninga.
Ekstra ille stod det til hjå prestestudentane, der heile 46 prosent av prestestudentane kritiserte utdanninga. Det skreiv svenske Dagen.
Undersøkinga skal no få konsekvensar for utdanninga.