Store endringar for Oslo-kyrkja. No skal dei tilsetje to toppleiarar
DEN NORSKE KYRKJA: Dette blir viktig i jakta på to nye toppleiarar i Oslo bispedøme.
GÅR SNART AV: Både biskop Kari Veiteberg og stiftsdirektør Ole Edvard Wold-Reitan gjev seg i Oslo bispedøme, og jakta på arvtakarane deira er i gang.
Mariam Butt, NTB/Den norske kyrkja
– Ingen av oss hadde rekna med at me skulle ut i så store prosessar så kjapt. Eg kunne gjerne sett at både Veiteberg og Wold-Reitan heldt fram hjå oss, men samstundes er dette eit høve for kyrkja i Oslo bispedøme til å få på plass eit nytt leiarteam som kan jobbe godt saman, seier leiar av Oslo bispedømeråd, Gard Sandaker-Nielsen.
Rådet han leiar blei vald i fjor haust, og skal sitje i ein fire år lang periode.
Det var i januar at Oslo-biskop Kari Veiteberg varsla at 2024 blir det siste året hennar som biskop. I desember går ho tilbake til jobben som bymisjonsprest i same by. Jakta på arvtakaren hennar i gang.