Sokneprest om nye medlemmar i Den norske kyrkje: – Det er ei ny og brei interesse for religion og den kristne arva
NYE MEDLEMMER: Sokneprest Roger Jensen trur vegen til Den norske kyrkja (DNK) er annleis no enn då kristendommen regjerte kulturen. No må kyrkja tenke annleis om korleis dei ønsker velkommen, meiner han.
TILGJENGELEG: Kvar torsdag står døra til Gamle Aker kirke i Oslo open. Knut Johannes Erstad koordinerer dei frivillige som gjer det mogleg.
Tuva Skare
115.147 personar har aktivt meldt seg ut av Den norske kyrkja (DNK) dei siste fem åra. Over same periode var det 15.347 personar over 18 år som meldte seg inn eller døypte seg i DNK. Dei er personar døypte i andre kyrkjesamfunn, eller som barn, eller folk som har funne vegen på eiga hand.
I Vårt Land kunne du lese om Inger Klevstrand og Knut Johannes Erstad, som begge fann vegen til DNK i vaksen alder.
Medlemsfallet er langt høgare enn auken – men dei som er nysgjerrige eller nyinnmelde treng å bli møtt på nye måtar av kyrkja i dag, trur sokneprest i St. Hanshaugen i Oslo, Roger Jensen.
Bestill abonnement her
KJØP