Kirke

Slik blir det når kyrkjene opnar – lanserer nye retningslinjer

– Ser lyst ut for haustens konfirmasjonar, seier konstituert preses Atle Sommerfeldt.

Frå søndag 10. mai vil det vere mogleg å feire gudsteneste i kyrkjene igjen. Fleire vil også kunne delta i dåp, bryllaup og gravferder i sommar. I tillegg kan nattverd også gjennomførast, dersom ein følgjer dei nye retningslinjene.

Ny bransjestandard klar

Den norske kyrkja lanserte 5. mai ein bransjestandard for kyrkjeleg verksemd. Hovudpunkta frå smitttevernrettleiaren er:

• Maks 50 personar til stades.

• Minst éin meter avstand mellom kvar person.

• Sjuke personar skal ikkje delta eller vere til stades.

• Rutiner for handhygiene og reinhald skal vere på plass.

• Minst mogleg berøring og bruk av felles utstyr.

Kyrkjegjengarar vert oppfordra til å kome til kyrkje til fots, på sykkel eller med bil, om mogleg.

Det blir konfirmasjonar til hausten 

Ifølgje konstituert preses, Atle Sommerfeldt, ser det lyst ut for haustens konfirmasjonar.

– Det veit eg mange gler seg til, seier han i ei pressemelding frå Den norske kyrkja.

Han understrekar at det kan bli naudsynt med fleire konfirmasjonsgudstenester enn vanleg, for å overhald krav til tal på personar og avstand.

Ikkje mogleg utan godt samarbeid

Direktør i Kyrkjerådet, Ingrid Vad Nilsen, har leia arbeidet med bransjestandarden. Ho er klar på at kyrkja må ta smittervernet på alvor. Det hadde ikkje vore mogleg utan godt samarbeid mellom alle som får ei gudsteneste til å fungere, meiner ho.

Ekspedisjonssjef Ingrid Vad Nilsen er ansatt som Den norske kirkes øverste administrative leder.
Direktør i Kyrkjerådet, Ingrid Vad Nilsen, har leia arbeidet med dei nye retningslinjene. Foto: Adrian Nielsen

Kyrkja har laga dei nye retningslinjene i samarbeid med KA arbeidsgiverorganisasjonen for kirkelige virksomheter, Norges kirkevergelag og Bispemøtet. Fagforeiningange har også vore involvert i arbeidet.

– Mange gler seg til å opne kyrkjene for fleire. Men først må tilsette og frivillige få opplæring og bygge eit godt samarbeid om smittevern. Derfor vil det skje ei gradvis opning etter kvar som vi har nødvendige tiltak på plass i kvar enkelt kyrkje, seier leiar i Norges kirkevergelag, Oddbjørn Eide i ei pressemelding frå kyrkja.

Konkrete råd

Blant råda i bransjestandarden for kyrkja, står det mellom anna at ein bør bruke fleire inn- og utgangar i kyrkjene, for å unngå trengsel. God informasjon om smittevern skal vere tilgjengeleg for alle som kjem.

Kyrkjekaffi og anna felles servering bør unngåast, står det, og salmebøker og lause sitteputer bør ikkje nyttast. I tillegg skal ikkje instrument, mikrofonar og bøker delast eller rørast av andre enn den som skal bruke dei.

Handsprit skal vere tilgjengeleg ved inngangen, på alteret, talarstolen, orgelet og døypefonten.

Retningslinjene vil bli oppdatert etter kvart

Dei nye retningslinjene er vurdert av Barne- og familiedepartementet og er i samsvar med smittevernrettleiinga frå Folkehelseinstituttet.

Retningslinjene vil bli oppdatert dersom det blir behov for det. Det vil på sikt også bli laga rettleiarar for smittervern for arbeid med barn og unge, kyrkjemusikalsk arbeid og diakonalt arbeid.

Vil vidareføre arbeidet på nett

– Det er stort å endelig kunne seie velkomen til kyrkja igjen, seier leiar i Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum.

Etter at kyrkjene stengte 12. mars, har mykje av aktiviteten foregått på nett. Kyrkja er godt nøgde med den digitale oppslutninga, ifølgje Raaum.

– Samtidig som vi opnar opp kyrkjerommet, skal vi no arbeide med ei vidareføring av det digitale tilbodet, seier ho.

LES OGSÅ:

Vårt Land: «Nå vil det være viktig for kirken å ønske nye mennesker særlig velkommen»

Ingrid Rosendorf Joys: «Korona kan ha avdekket et behov for digitale tros- og livssynstjenester»

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke