Reagerer på Melbys uttalingar om forkynningsforbod: – Er dei kristne dei einaste som ikkje skal få lov å meine noko?

OPPLÆRINGSLOV: Generalsekretær Karl Johan Kjøde i Laget er kritisk til kunnskapsministeren sine uttalingar om forkynningsforbodet i skulen. Han meiner religiøse blir forskjellsbehandla.

NEGATIVE ASSOSIASJONAR: Karl-Johan Kjøde, generalsekretær i Laget meiner fokuset på ordet forkynning ikkje er tilfeldig, då han trur det for mange vekkjer negative kjensler og assosiasjonar. – Det verkar som eit semantisk grep der ein vil redusere det religiøse si rolle til fordel for ein sekulær forkynning
REAGERER: I regjeringas forslag til ny opplæringslov blir forbodet mot forkynning i skuleundervisning presisert. På spørsmål om korleis ein definerer forkynning, har kunnskapsminister Guri Melby (V) uttalt at «å forkynne er å formidle eller overbevise om et religiøst budskap». Det får generalsekretær Karl Johan Kjøde i Laget til å reagere.
Publisert Sist oppdatert

– Som sekulær ser ein seg fort blind på at ein har eit livssyn og at ein målber dette, eller forkynner det om du vil. Er dei religiøse dei einaste som ikkje skal få lov å meine noko? Kva er forskjellen på å rope «Gud er død» frå torget, eller «Gud lever» frå preikestolen? Det er forskjellsbehandlinga som er problemet.

Det seier Karl-Johan Kjøde, generalsekretær i Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag (Laget).

Førre veke sende regjeringa forslag til ny opplæringslov på høyring. I tre nye paragrafar blir forbodet mot forkynning i skuleundervisning presisert, og retten til fritak frå aktivitetar på grunn av livssyn utvida.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS