Rabbinar i forsvaret skal motverka jødehets i Tyskland
TYSKLAND: Då Adolf Hitler tok makta, forsvann rabbinarane frå det tyske forsvaret. Mandag skaper Zsolt Balla historie, når han tiltrer som sjefsrabbinar i Bundeswehr.
NYE TIDER: Tyske soldatar blir tekne i eid under ein seremoni i juli 2019. Etter lang tid kjem rabbinarar igjen til å jobba for det tyske forsvaret.
Michael Sohn
– Dette er ein enorm mogelegheit til å formidla eit autentisk bilde av jødedommen og indirekte overvinna antisemittisme og høgreekstreme tendensar i dei væpna styrkane.
Det seier sjefsrabbinar Zsolt Balla til avisa Jüdische Allgemeine.
Måndag blir han offisielt Tysklands første rabbinar i ei militær stilling sidan andre verdskrig. Militærstillinga vart fjerna då Adolf Hitler tok makta, men innført att av tyske myndigheiter i fjor.