Presten blei fjerna frå kyrkjelyden – hundrevis tente faklar til støtte for å behalde han
KONFLIKT: Nesten 500 faklar flamma utanfor Jørpeland kyrkje torsdag kveld. – Me er frustrerte, og vil behalde den fantastiske presten vår, seier medlem.
FLAMMEHAV: Ti minutt før klokka 18, då arrangementet skulle starte, hadde over 50 personar møtt opp. Det rystar Jørpeland at ein elska prest blir tatt frå bygda.
Ruth Einervoll Nilsen
Etter fleire år med uro på arbeidsplassen tok Stavanger-biskop Anne Lise Ådnøy eit drastisk grep denne veka: Sokneprest i Jørpeland menighet, Bård Boye, må endre tenestestad, og blei tatt vekk frå kyrkjelyden i Ryfylke 10. februar.
Det har opprørt lokalbefolkninga. Torsdag kveld hang kyrkjelydsmedlemmer og folk frå bygda opp plakatar med teksten «Bård og Mette – Jørpeland trenger dere, Jørpeland står bak dere» på kyrkjedøra, dei sang signinga i kor og sette faklar på kyrkjetrappa for å vise støtte til presten som no blir tatt frå dei.
– Sjølv i denne kulda har folk møtt opp. Det er fantastisk å sjå, fortel kyrkjegjengar Kjell.