Prestar er ueinig i kritikk av konfirmantundervisning
DEN NORSKE KIRKE: Prestar er ueinig med teologiprofessor. Dei meiner kyrkja kan formidle at ekteskapet er ei god ramme for seksualitet. – Det er ein del premiss som eg stussar over.
UENIG: Kathrine Tallaksen Skjerdal og Kjersti Gautestad Norheim meiner teologiprofessor Elisabeth Tveito Johnsen bommar.
Guro A. Midtmageli, Matilde Solsvik
– Eg tenkjer framleis ein kan seie at ekteskapet er ei god ramme for sex, utan at ein dermed fordømmer alle som vel andre måtar å leve på. Faren er at ein ikkje kan framme noko som godt, sjølv om nokon tek andre val, seier sokneprest Kjersti Gautestad Norheim.
Ho forsvarar kyrkja sitt konfirmantopplegg og undervisning om seksualitet, etter kritikken som teologiprofessor Elisabeth Tveito Johnsen kom med i ein artikkel i Vårt Land onsdag.
I 2018 gjekk Tveito Johnsen gjennom ressursmateriellet Nøkler til livet, Konfirmantbibelen og Konflogg, som Den norske kyrkje (DNK) brukar i sin konfirmantundervisning.
Bestill abonnement her
KJØP