NERVØS: Vanlegvis er veggane i møtehuset i Fredrikstad fulle av måleri. Akkurat no står dei stabla inntil ein vegg, etter att lokala har fått eitt nytt strøk måling. Helen Chanel Stubberud var veldig nervøs fyrste gong ho skulle inn i kyrkjebygget. No kjenner ho tvert om på ei ro.
Erlend Berge
Pinup-modell og missedeltakar konverterte til mormonarkyrkja: – Folk ser kor mykje betre eg har det
MI TRU: Helen Chanel Stubberud har mange merkelappar: Aleinemor, snart ferdigutdanna lastebilsjåfør, pinup-modell og missedeltakar. Men merkelappen ho valde i fjor er kanskje den viktigaste: eit døypt medlem av Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage.
Denne saken ble først publisert 12. juni 2022.
August 2020: Det tikkar inn ein venneførespurnad frå ein framand, ung mann på Helen Chanel Stubberud sin Facebook-profil. Vanlegvis ville ho avslått, men noko får ho til å trykkje godkjenn.
Kanskje er det fordi ho kjenner seg aleine? Fordi ho er på ein mørk stad? Ho veit berre at ho har eit tomrom inni seg som ho så gjerne vil fylle. Dei to siste åra har vore tunge.