Partane i prestestreiken er ueinige om verkelegheita. Her er det du må vite
KONFLIKT: Partane står langt frå kvarandre, og er ueinige om grunnlaget for streiken. Her er kvifor forhandlingane braut, og kva som skjer vidare.
FORHANDLAR: Kristian Mollestad er representant for arbeidstakarane. Han fryktar for rekrutteringa til yrkene i kyrkja viss ikkje lønsnivået blir halde oppe.
Foto: Helene Moe Slinning (CUSTOM_CREDIT)
Prestar, diakonar, kyrkjepedagogar og musikarar er blant dei tilsette i kyrkja som streikar for det dei fryktar kan bli ei nedgang i løn hos nye prestar.
Natt til laurdag blei 21 tatt ut i streik frå Borg og Oslo bispedømme. Meklinga braut mellom fagforeininga Unio KA (paraplyorganisasjonen for arbeidstakarane) og arbeidsgivar KA (Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon).
Komande laurdag får dei truleg 19 nye med seg, frå Presteforeningen, Teologene, Creo og Kufo, då også frå Nidaros bispedømme.