Kirke

Oppsummering: Dette skjedde på årets kirkemøte

Den norske kyrkjas «Storting» behandla 18 saker i helga. Her er det du må vite om vala som blei tatt og vedtaka som blei fatta.

Til tonane frå «Høyr kor kyrkjeklokka lokkar» åpna festgudstenesta i Nidarosdomen sundag – ei feiring av ny preses, nytt Kyrkjemøte og nytt Kyrkjeråd.

Tre dagars intenst arbeid var over for dei 115 Kyrkjemøte-medlemmane, som ved fleire høve uttrykte eit press for å kome igjennom alle punktene på sakslista før sundagens seremoni.

Ungdomsdemokrati, konfirmasjonsgudstenestar, kontrollrapport og viktige val har stått på timeplanen. Og ikkje minst: frisk debatt.

Nytt kyrkjeråd

Med 71 stemmer fekk Kristin Gunleiksrud Raaum fornya tillit som leiar av Kyrkjerådet fredag ettermiddag. Dette blir hennar tredje periode, og ho er valt for to nye år.

– Eg skal vere ein leiar for dykk alle, og lovar å stå på kvar einaste dag dei neste to åra. Dette er stort. Litt i overkant stort, sa Raaum, tydeleg rørt, frå talarstolen.

– Det er ikkje lett å vere kyrkjerådsleiar. Eg føler meg ofte utilstrekkeleg, men det er eit meiningsfullt arbeid. Det handlar om å våge å lene seg på dei rundt ein. Eg har eit breitt samansett og klokt råd med meg.Sjå kven desse er i lista til høgre. Under festgudstenesta i Nidarosdomen peikte leiaren på retninga til Kyrkjerådet framover:

– Me skal setje kurs mot ei tilstadeverande, brei og åpen kyrkje. Eg føler eit spesielt ansvar for å åpne kyrkja for alle som ønsker å vere ein del av ho, sa Kristin Gunnleiksrud Raaum.

Breidde

Dei neste fire åra blir det eit fleirtal av medlemmar frå den «kyrkjepolitiske» lista Åpen folkekirke (ÅF) i Kyrkjerådet – sju i talet.

– Men Åpen folkekirke hadde ikkje fleirtal på Kyrkjemøtet, så i realiteten er det dei tilsette – prestane og dei leke – som bestemte. Sidan me fekk over halvparten av stemmene ved kyrkjevalet i fjor, var det viktig at me sikra veljarane at me fekk inn folk i Kyrkjerådet i det heile tatt, seier ÅF-leiar Gard Sandaker-Nielsen.

Etter at Åpen folkekirke fekk inn fire av dei fem moglege medlemmane i den andre valrunden, sette seg ned og vurderte vegen vidare.

– Me såg at det kunne vore fint og viktig å spegle fleire av grupperingane i Den norske kyrkja, i dette øvste organet, seier Sandaker-Nielsen.

Då bestemte dei seg for å støtte Therese Egebakken og Iselin Vistekleiven frå Nominasjonslista.

Audmjuk

Med brei støtte, 104 stemmer, blei ei audmjuk Therese Egebakken frå Stavanger valt inn i Kyrkjerådet.

– Dette er stort. Det er eit verv eg tar alvorleg, men gler meg veldig til, seier ho.

– Eg saknar eit fokus på unge vaksne i kyrkja og kyrkjelydane. Det vil eg ta med meg og løfte, seier Egebakken.

Fleire på talarstolen tok til orde for ungdommane i helga. Ikkje minst formaliserte Kyrkjemøtet kva rollar dei unge skal ha i kyrkjedemokratiet – med mellom anna ungdomsting og ungdomsråd, slik det uformelt er organisert i bispedømma i dag. Fleire av dei yngre delegatane uttrykte begeistring for at desse rammene endeleg gjorde denne påverknaden offisiell.

Strid om strategi

Frå 2022 skal Den norske kyrkja få ein ny strategi, og desse visjonane blei diskuterte i helga. Fleire Kyrkjemøte-medlemmar var ueinige i ordlyden, og tok til talarstolen: «Me må framsnakke kyrkja», var bodskapen.

– Me må slutte å snakke oss sjølv ned. Det er nok av andre krefter i samfunnet som gjer det, sa Borg-biskop Atle Sommerfeldt.

Også Thor Magne Seland frå Stavanger bispedømme sa i strategi-debatten at:

– Me må iallfall ha eit saksframlegg som heier på oss sjølv.

No er det opp til Kyrkjerådet å følge opp alle innspela. Diakoni og misjon held fram som viktige kjerneoppgåver.

Ny omgang konfirmasjon

Dei moglege endringane i bøner og liturgiske tekstar til gudstenestane i konfirmasjonstida lar vente på seg. I saka var det peikt på at det ikkje var nok fokus på konfirmanten i forbønna som finst i dag, at språket var for tungt og at dåpen ikkje blei understrekt nok. Nye forslag låg no på Kyrkjemøtet sitt bord.

Representant for døvekyrkja Marius Berge Eide var i forkant uroa for at nokre formuleringar ville virke framande for dei som ikkje går hyppig i kyrkja. Mellom anna reagerte han på forslaget om ordlyden i forbønna «Gud, vi ber deg for NN», og ønskte den om til «Gud, vi ber for NN».

Men Kyrkjemøtet sendte saka tilbake til Kyrkjerådet og Bispemøtet. Det vil seie at saka går ein ny runde i systemet, før ho kjem tilbake til Kyrkjemøtet 2021. I årets vedtak ligg det fleire forslag til endring.

Usikkert om listeval. Før Kyrkjemøtet var det knytt spenning til ei sak om stemmeordninga ved kyrkjevalet. Har dei kyrkjepolitiske listene kome for å bli? Og i så fall: Vil gruppene som har medlemmar på Kyrkjemøtet (Åpen folkekirke, Nominasjonslista og Bønnelista) få økonomisk støtte?

Det må medlemmane av Den norske kyrkja også vente med å få svar på. På åpningsdagen bestemte møtet å utsetje saka til neste gong.

Kristine Sandmæl blei igjen valt som leiar for Mellomkyrkjeleg råd og Sara Ellen Anne Eira blir leiar for Samisk kyrkjeråd. Kyrkjemøtet stemte òg for å halde komitémøtene lukka for media og offentlegheita, også i tida som kjem. I år fall desse arenaane bort på grunn av korona-restriksjonar, men av omsyn til ‘den gode diskusjonen’ og åpenheit mellom delegatane ønskte eit fleirtal at dei ikkje åpnest neste gong heller.

Og framover? Ifølgje fleire blir ny organisering av Den norske kyrkja eit heitt tema i tida som kjem.

• LES MER:

Vårt Land: «Det er grunn til å være stolt av hvor godt Den norske kirke tåler og lever med uenighet og indre motsetninger»

Kronprinsen etter festgudstjeneste: – Betimelig budskap fra preses

---

Fakta:

  • Den norske kyrkja sitt øvste organ – ofte kalla kyrkjas «Storting». Har 116 medlemmar. 115 møtte i helga.
  • Kvart år samlest medlemmane i dei 11 bispedømmeråda til Kyrkjemøtet. I år blei det arrangert 8.-11. oktober i Trondheim.
  • På saklista stor det 19 saker, mellom anna val av nytt Kyrkjeråd og ny konfirmasjonsliturgi.
  • Kyrkjemøtet skal mellom anna uttale seg om viktige lovendringar, og setje planar for mellom anna undervisning, diakoni, økumenisk verksemd og kyrkjemusikk.
  • I år møtte det 39 representantar frå Åpen folkekirke, 28 frå Nominasjonslista og ni frå Bønnelista.

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke