Nestformann om homofilidebatten: – Vil at Frikyrkja skal vera ein trygg stad

FRIKYRKJA: Anne Mari Schiager Topland skulle gjerne stilt Paulus nokre spørsmål andlet til andlet. Men sidan det vanskeleg let seg gjera, meiner ho Frikyrkja burde gå heilhjarta inn i ei teologisk drøfting om homofilispørsmålet.

Anne Mari Schiager Topland. Nestformann i frikirken. I leiligheten på Ammerud i Oslo. 25022022. Foto Alf Simensen
LETT Å MISFORSTÅ: Det har vekt mykje debatt og kritikk at Anne Mari Schiager Topland har sagt at ho ynskjer ei teologisk drøfting av samlivssynet i Frikyrkja. Sjølv har ho alltid verdsett leiarskap der ein viser at det går an å ikkje vera skråsikker. Ulempa meiner ho er at det er lett å bli misforstått.
Publisert Sist oppdatert

– Når me blir ordinert har me sagt at me vil gå heilhjarta inn i skrifta og arbeide for å forstå kva som er meint. Viss me over tid rettleier folk til det me har kalla eit heilagt liv, og det ikkje er rett, så er det utruleg alvorleg.

– Det er eit alvor me som ordinerte må ta innover oss, fordi me rører ved noko av det djupaste ved eit menneske: sjølvbiletet og forholdet til Gud.

Anne Mari Schiager Topland sit på kontoret sitt i Oslo sentrum og prøvar å forklare kva den djupe uroa ho har kjent på i fleire år går ut på.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP