Gud i og mellom slaga

– Har du mange powersuits?

– Ja, det har eg, ler Gina Gjerme.

Ganske kjapt er vi inne på soverommet til ho og mannen Øystein Gjerme i den nye funkisbustaden i Rådal utanfor Bergen. På golvet står høge helar, og i skapet heng dei forskjellige statement-plagga.

Min Tro - Gina Gjerme

Nokre kjenner Gina Gjerme som regionsleiar i teknologiselskapet Sopra Steria, andre frå scena i Salt Bergens. Eller som kona til Øystein Gjerme, som er pinsepastor og leiar for Pinsebevegelsen.

– Det har vore hardt arbeid.

Ho kjem rett frå møte, og skal snart vidare i eit nytt. Men ho har teke seg tid til å dele om korleis Gud er til stades i og mellom slaga, og om kva han betydde då ho mista bror sin for to år sidan.

Gjerme hugsar godt korleis det var å innsjå at Gud fanst.

Prega familien

– Kvar er du mormor?

Gjerme ser med blanke auge opp mot himmelen gjennom dei store vindauga i funkisbustaden. Ho hugsar tilbake til seg sjølv som åtteåring, som ofte sat på same måte.

– Er du der oppe?

Min Tro - Gina Gjerme

Gina si mormor var 36 år gammal då ho døydde, noko som prega familien mykje. Heime var det ikkje noko tru på verken Gud eller himmelen, men Gina var eit nysgjerrig barn.

– Eg stilte ganske eksistensielle spørsmål som åtteåring, smiler ho, og fortel om ein lærar som starta søndagsskule på skulen. Der byrja vesle Gina å gå, noko som sette spor.

– Og eg hadde jo ikkje noko som helst eksponering for kristendommen.

Ho er engasjert når ho fortel om korleis ho hugsar at bibelhistoriene, som ho aldri hadde høyrt, gjorde inntrykk på ho.

– Så eg var jo i min eigen trusprosess utan at familien min visste det.

Frelst ved dørstokken

«I dag er det 40 år sidan vi inviterte Jesus inn i livet vårt.»

– Pappa sende meg ei melding for ikkje så lenge sidan, smiler Gjerme.

Dei tok i mot Jesus på same dag, ei oppleving Gjerme hugsar godt. Det heile starta med at mor hennar begynte å tenkje på Gud då ho fekk barn.

– Då starta ho å be til Gud, ho ønska eit teikn.

«Kjære Gud, om du finst må du sende nokon til meg.»

Ein kveld bankar det på døra i barndomsheimen i Alver utanfor Bergen. Når mor hennar opnar døra, står to damer frå den lokale pinsekyrkja utanfor.

Min Tro - Gina Gjerme

– Då visste ho berre at «der er dei».

Mora starta å gå i kyrkja, men fekk ikkje med seg mannen.

– Men så starta ho å be for han, og då starta ein prosess i hans liv.

Gjerme lever seg inn når ho fortel om faren som møtte folk på gata, fekk kristen litteratur av tilfeldige og vart bedt for.

– Til slutt kom han til mor mi og sa: «Eg skal gå i kyrkja, men du skal ikkje vere med.»

Han skulle finne ut av dette sjølv.

Eksplosiv forandring

Inn i den vesle kyrkja går far hennar inn. Han er ein stor mann, og han er ukjend, så det er lett å leggje merke til han. Han set seg ned og følgjer med på møtet. Og då han som talar spør om nokon vil ta i mot Jesus, så seier han ja.

---

Gina Gjerme

  • 48 år
  • Regionsleiar i teknologiselskapet Sopra Steria
  • Frå Alver i Nordhordland
  • Bur i Bergen
  • Gift og har tre barn med pinsepastor og leiar for Pinsebevegelsen Norge, Øystein Gjerme.
  • Med i leiarskapet for Salt Bergen

---

– Gina du må ta i mot Jesus, seier han seinere.

Faren kjem inn på soverommet til vesle Gina som har lagt seg, han måtte dele opplevinga med den eldste dottera.

– Og den kvelden bøygde eg kne og tok i mot Jesus, fortel Gjerme.

– Bestefar synst vi var crazy

For heile familien var det eit tydeleg før og etter denne hendinga.

– Det var ikkje berre ein fin og søt overgang, det var litt eksplosivt. Plutseleg skjønte eg at Gud finnast.

Ein dedikasjon vart vekt.

– Eg fekk ein enorm trong til å dele det med andre. Eg delte på skulen og eg delte med dei eg møtte, ler ho, og fortel at ho allereie som elleveåring hadde lest store delar av Bibelen.

Min Tro - Gina Gjerme

Og iveren gav seg ikkje. Etter kvart flytta heile familien til Uppsala for å gå på bibelskule.

– Det var jo litt sjukt, og bestefar synst det var heilt crazy at vi kunne gjere noko sånt.

Tilbake i Noreg starta familien å gå i den då nyetablerte og seinare omdiskuterte kyrkja Levende Ord, og Gina starta på den kristne privatskulen Danielsen vidaregåande skule.

Her skulle ho ha endå ei spesiell oppleving; første gong ho såg Øystein Gjerme.

– Var han på nok?

Elevane på Danielsen fyller opp ein sal. Det er tid for ei av dei årlege samlingane på Danielsen.

– USA-klassen kom tilbake og skulle ha ein sånn oppvisning, og dette er det raraste eg har opplevd.

Gina sit i salen saman med venninna si og ser USA-klassen framføre det ho skildrar som «ein teit song». Så får ho auge på Øystein Gjerme.

Min Tro - Gina Gjerme

I dag er han leiar for Pinsebevegelsen i Norge og hovudpastor i Salt Bergenskirken. På scena denne dagen, er han ein unggut med eit kall til å plante kyrkje.

Ho lener seg bort til veninna: «Han der, han skal eg gifte meg med».

– Det var ikkje fordi han var fin, men det berre kom utan at eg reflekterte så mykje over det, seier ho, men legg til at ho også var sjarmert.

Tilfeldigvis hadde dei same rute til skulen. No sørgja dei begge for at dei hamna på same buss så ofte det lot seg gjere, og i ein fritime tok dei turen rundt Lille Lungegårdsvann i hjartet av Bergen.

– Så sa han «eg trur eg er litt interessert i deg», fniser ho litt.

– Vi fann kvarandre både i trua, men også i mykje anna.

Salt fyller 20 år. Øystein Gjerme og Gina Gjerme fotografert i Forum av Matilde Solsvik.

Det var dei to, men ho stussa litt over at han gjekk i Pinsekirken Tabernaklet og ikkje i Levende ord som var «der det skjedde».

– Eg lurte litt på om han var «på nok».

Men Øystein Gjerme var på. Han skulle til USA for å studere teologi, og skulle det verte dei, måtte Gina følgje med. Og Gina hadde visst det frå første gong ho såg han, at dei skulle gifte seg.

Slik vart det, og reisa gjekk til USA. Der studerte dei først begge teologi, så starta Gina å studere business. Og utan internett og sosiale medium, visste dei ikkje anna enn det dei hadde rundt seg i Noreg.

– Då vi kom bort der var det så mykje meir. Det var mange fleire ulike syn på ting. Vi gjekk gjennom mange prosessar og diskuterte perspektiv vi ikkje kunne forstå.

Heftig kvardag

Perspektiva og ei lita dotter på eit år tok dei med seg heim til Noreg der dei vart ungdomsleiarar i Tabernaklet.

– Men vi visste at vi skulle plante kyrkje etter kvart.

– Så etter kvart kom ungane på ei fjøl.

Gjerme ler når ho fortel om den litt kaotiske situasjonen for det som vart ein småbarnsfamilie på fem.

– Dei låg jo nesten og sov i ein krok på eit ungdomsmøte.

Salt fyller 20 år. Øystein Gjerme og Gina Gjerme fotografert i Forum av Matilde Solsvik.

Og etter kvart låg dei og sov i ein gymsal på Rå Skule, i den nyplanta Salt bergenskyrkja. I dag er den ei av dei største pinsekyrkjene i Noreg.

– Korleis var det å starte ny kyrkje og vere småbarnsmor på same tid?

– Det var jo heftig, eg må jo seie det.

Samstundes som dei planta Salt, var Øystein Gjerme også med å starte Høgskolen for Teologi og Ledelse i Oslo.

Eg hadde mykje, for Øystein reiste mykje.

Salt fyller 20 år. Øystein Gjerme og Gina Gjerme fotografert i Forum av Matilde Solsvik.

Gjerme ramsar opp alt ho måtte ha styr på. Ho leverte og henta i barnehagen, gjekk på jobb som dagleg leiar for eit firma, og etter jobb måtte ho vere med ungane. Og var mannen bortreist, måtte ho tale i kyrkja i tillegg.

– Av og til ringde eg og grein til Øystein på laurdag kveld fordi preika ikkje var ferdig, ler ho litt, og fortel korleis han trøysta på telefonen.

– Når eg tenkjer tilbake på det, så tenkjer eg jo «gurimalla, det er godt vi var unge».

Redda av Gud

Eit glimt av sol bryt gjennom skyene over Rådal og strekk seg inn over dei store vindauga i huset som ber eit preg av luksus. Vegen hit har vore lang.

– Det var jo ei økonomisk krevjande tid med mykje jobbing som ikkje var betalt.

Samstundes sat ho på provisjonslønn. Hadde ho ein dårleg månad, så tente ho dårleg.

– Mange gongar redda Gud oss, men det var jammen meg mange gongar der vi berre måtte ete ut av frysen.

Ho fortel om fleire tøffe rundar i starten.

Min Tro - Gina Gjerme

– Korleis klarte de det?

Eg trur det var folka rundt.

Ho fortel om viktigheita av å inkludere folka i livet, ein verdi som framleis er viktig for ho. Vener var med å bretta klede og passa barn.

– Det var ein slags utvida storfamilie som bygde kyrkje saman. Og kanskje endå meir slik i starten, enn no, for no har kyrkja blitt så stor.

Dette har ho teke med seg inn i arbeidslivet.

– Eg tenkjer at det å involvere folk i reisa, det er også viktig for meg som leiar.

Privilegert kvinne

Medan mannen har blitt både hovudpastor og leiar for Pinsebevegelsen Norge, har Gjerme jobba seg opp ei karriere innan business.

Ho fortel om ein debatt som var på LED (Pinsebevegelsen sin leiarkonferanse) der dei debatterte om vekking kom av seg sjølv eller ved hardt arbeid.

– Og eg sat der og tenkte: det er hardt arbeid, seier ho tydeleg, med eit glimt i auget medan ho slår i bordet.

– Men ikkje noko kan vekse utan Guds nåde, legg ho til.

Min Tro - Gina Gjerme

Gjerme fortel at det også er viktig for ho å trekkje seg tilbake, og at ho prøvar å halde kviledagen, men innrømmer at ho har ein trong til å gjere noko nyttig til ei kvar tid.

– Korleis har det vore å vere ei viljesterk kvinne i pinserørsla?

– Heilt supert!

Svaret kjem raskt, og med ein lett tone fortel ho at ho ikkje har kjent på motstand.

– Eg har vore veldig privilegert og vorte gjeve ein plattform. Eg har heller måtte seie nei til ting, enn å ikkje bli invitert med.

Å verte kvinneleg leiar har aldri vore ei kampsak for ho, moglegheitene har komme utan at ho har jobba spesifikt mot det, også i arbeidslivet.

– Nokon har av og til spurt meg korleis det har vore å vere kvinne i eit mannsdominert yrke. Men det har vore veldig fint der også.

Frå anstrengt til naturleg

– Kor har Gud vore oppe i alt dette travle livet?

Han har vore der heile tida, i alt eigentleg.

– Han er som eit anker, så om eg har flote rundt litt her og der så er det som om at eg ser at «å ja, han er der!»

---

4 raske

  • Gud er: god
  • Eg klarer meg ikkje utan: Gode samtalar
  • Boka alle må lese: Bygg din fortid av Øystein Gjerme
  • På gravsteinen min skal det stå: Eg har stridd den gode striden, fullført løpet og halde fast på trua (2. Tim 4:7).

---

Ho fortel at det har gått frå å vere eit anstrengt forhold der ho tenkte at ho måtte gjere sånn og sånn, til at ho no kjenner seg veldig fri.

– Det skal vere ein naturleg del av livet.

– Korleis tek du det med inn i jobben?

– Eg er veldig forsiktig med å starte å forkynne... Det blir litt uprofesjonelt som leiar.

Min Tro - Gina Gjerme

Men Gjerme deler gjerne at ho er kristen, og fortel at ho fleire gongar tek med bøn i jobben. Både på do før eit viktig møte, og når kollegaer har det vanskeleg.

– Eg er ikkje redd for å seie at eg trur på bøn, men ikkje på ein invaderande måte, seier ho, og deler om fleire kollegaer som har vore takksam for at ho ber.

Kyrkja i ryggen

På ein vegg i stova heng bryllaupsbiletet til Gina og Øystein Gjerme, under står ei bok med dottera sitt bryllaupsbilete.

Det byrjar å verte ei stund sidan ungane låg og sov under ungdomsmøta. I 20 år har Gina Gjerme stått og ønska velkommen til gudsteneste i Salt på søndagar.

– Kva er kyrkja for deg?

– For meg personleg så kan eg trekke fram kva den betydde for meg då eg mista bror min.

– Til vanleg var eg den som sto og ønska velkommen, men då hadde eg ingenting å gi. Men då opplevde eg at eg hadde menneske som bar meg.

Dei siste to åra har Gina kjent sorga på kroppen etter at broren gjekk bort.

Min Tro - Gina Gjerme

– Det skjedde, det som ikkje kunne skje. Vi var veldig nære og eg hadde ein enorm knyting til han.

Ho er blank i auga og stemma er roleg.

– Det rokka i alt, men då vart trua så enormt viktig.

Gjerme fortel at ho kjente at Gud hadde kontroll, men at det ikkje var noko lett.

– Eg sa det til han – «Eg er skuffa over deg Gud, eg syns du leverer dårleg», ler ho litt.

Sorga som vekstfase

Gjerme fortel at ho mange gongar kunne høyre songar om sorg og smerte, men at ho aldri visste kva det eigentleg var. No kjenner ho kjenslene.

– Ein opplever at livet ikkje berre er framgang og glede. Men det er det mosaikken som livet er. Om du ikkje har noko mørke, så har du ikkje noko djupne heller.

Gjerme trur at også det vanskelege kan verte brukt til noko godt.

Min Tro - Gina Gjerme

– Smerte kan vere ein ny vekstfase. Sorg kan vere ein ny vekstfase. Gud vil ikkje at vi berre skal springe på overflata og vere happy.

– Føler du at sorga har vore vekstfase for deg?

Ho tenkjer litt.

– På ein måte. Det har gjort meg til eit meir erfarent menneske. Eg har spelt på nokre strengar, prøvd ein bass eg ikkje visste eg hadde.

Gjerme fortel at oppe i noko av det mørkaste i livet, ser ho også lys.

– Det første bibelverset som kom til pappa, har vi skrive på grava hans; «Eg er oppstanden og livet, den som trur på meg skal leve om han enn døyr».