– Eg blir heilt tett i øyra av julemusikk.
Gunstein Draugedalen sukkar litt oppgitt. Han har på seg ei raudrutete flanellsskjorte og på bordet framfor han ligg ei appelsin gjennompepra av nellikspikar.
Utanfor glitrar sola i krystallisert snø som dekkjer jorde og åskammar.
Til vanleg er det NRK Jazz som får fylle stova hans med tonar. Når telemarkingen og flygelet i hjørnet ikkje produserer dei sjølve, då.
Førjulstida i år skil seg frå dei 60 førre, for Draugedalen. I vår meldte den erfarne musikaren på Facebook at han ville tre tilbake som songar.
I staden for å reise land og strand rundt for å halde julekonsertar kan han i år få utløp for kreativiteten gjennom andre kunstformer.
Det passar han heilt ypparleg.
– Eg har ikkje hatt den gleda av å syngje som mange trur.
– Har du ikkje hatt det tidlegare heller?
– Nei, då. Eg har aldri hatt det. Eg har berre syngje når eg har fått betalt for det, seier han med eit lurt smil, før han ler litt av si eiga spissformulering.
Han forklarar at han som tenåring blei fortalt at han hadde eit talent, og at det blei sett på som sjølvsagt at han burde ta songtimar og velje songen som leveveg, då det viste seg at han hadde det som trongst.
For det hadde han. Og meir til.
---
Gunstein Draugedalen
- 78 år.
- Songar, diktar, skulptør.
- Har gjeve ut over førti plater, og er særleg kjent for å tolke songar frå bedehustradisjonen.
- Han har også tonesett ei rekkje dikt, mellom anna av Knut Hamsun.
- Ein kan finne fleire av Draugedalen sine melodiar i salmeboka.
- Oppvaksen i Kviteseid, bur ved Krøderen.
- Har fire barn. Er sambuar med Gunhild.
---
Kjøpte ei plate som endra livet
Godt over førti album har det blitt gjennom åra. Tallause konsertar. På høgda av karrieren var ingen meir etterspurt i «Ønskekonserten» til NRK enn Draugedalen.
Mesteparten av livet har han levd av musikken, ein fjern draum for mange musikarar. Og trass i dette valde han vekk ei potensielt større musikkarriere.
For Draugedalen kunne truleg stått framom atskilleg større publikum enn det kulturhus, kyrkjer og bedehus har kunna tilby.
Etter studiet på Musikkonservatoriet i Oslo debuterte Draugedalen i 1971 som songar i Aulaen på Universitetet.
«Et stortalent», stod det i Aftenposten dagen etter. «Edel kvalitet», skreiv VG. «En musikalsk begavelse langt utenom det vanlige», meldte Dagbladet, som spådde ei «virkelig karriere» for barytonsongaren.
Kort tid etter fekk Draugedalen tilbod om å bli stipendiat ved Den Norske Opera.
Men det 25-år gamle songartalentet takka nei.
Ti år tidlegare hadde Draugedalen kjøpt ei plate på Norrøna bokhandel i Skien som skulle vise seg å endre kursen for livet hans.
– Han bergtok meg heilt.
Albumet til Einar Ekberg og Lennart Jernestrand opna auga til Draugedalen for klassisk song med kristent innhald.
– Ekberg var ein utruleg fyr. Han bergtok meg heilt. Han var på linje med Jussi Bjørling, men i staden for å velje operasong og den internasjonale anerkjenninga det gav, valde han kyrkjer og bedehus.
Draugedalen legg om til svensk og hermar etter førebiletet: «Jag sjunger vad jag menar, och jag menar vad jag sjunger».
Og det har også Draugedalen gjort. Før han utdanna seg på Musikkonservatoriet fullførte han tre år med teologi på Ansgarsskulen og tenkte at han skulle bli predikant og pastor.
Men etter kvart forstod han at han nådde betre ut med det han ynskte å forkynne gjennom song.
Og sjølv om det å stå framfor eit publikum ikkje alltid har vore berre lett, fortel Draugedalen om store opplevingar som songar, der kontakten med publikum tidvis kunne vera magisk. Og at songen har gjeve han mange gleder gjennom livet.
Draugedalen seier sjølv han nok er mest kjent for songen Doggdropen. Den kan du høyre her:
Valde vekk opera for bedehus
Sjølv angrar han ikkje på at han valde vekk ei potensiell opera-karriere, men andre har gjort det på hans vegne.
Etter gravferda til Arve Solstad i 2016, der Draugedalen song, kom tidlegare operasjef Bjørn Simensen bort til han.
«Jeg får bare beklage på operaens vegne at du ikke ble en del av ensemblet vårt. Det er ingen i operaen som har den klangen din», attfortel Draugedalen, og fortel at han svara at han trudde operasjefen burde vera glad for det.
– Eg trur ikkje det hadde gått så bra.
Å bli plukka ut som ung på grunn av eit talent, det gjer at ein blir skada, rett og slett
Gjekk på valium. Så sa det stopp
Draugedalen har vore open om at han har slite med angst. Det å stå framfor menneske å syngje har kosta. Kanskje meir enn det har smaka.
– Publikum kunne eg gjerne sloppe.
Han legg til ein nyanse: – Det er klart at eg har opplevd mykje flott også, men totalen blir slik at eg heller ville valt eit anna yrke.
Til slutt blei det så ille at han blei livredd for folk.
Men det var ikkje berre andre sine forventingar som vog tungt på skuldrene. Han la også sjølv stein til byrda med skyhøge krav til eigne prestasjonar.
– Eg vil ikkje gjera noko halvbra. Helst vil eg satse på ny «pers» kvar gong. Men det går ikkje. Å halde på slik heile tida er veldig hardt for psyken.
I åtte år gjekk han på valium, og til slutt sa det heilt stopp. Angsten blei lammande. Den sette seg i kroppen i form av spenningar, og til slutt mista han også stemma.
Tre månadar på Modum Bad måtte til for å få han på føtene att.
---
Fire raske
- Gud er: Kjølen på min lette båt.
- Eg klarar meg ikkje utan: Gode og snille folk rundt meg.
- Boka alle må lesa: Bibelen i omsetjinga til Kjell Arild Pollestad, men hans vekt på poesien. Dessverre ikkje på nynorsk.
- I gravferda mi vil eg ha denne salma: Kveldssalma av Åse-Marie Nesse med min melodi skal få klinge i kyrkjerommet som takk for meg.
---
– Eg skulle med glede betalt millionar for å ha sloppe det
Til lenger ut i livet songaren har kome, til ærlegare har han turt å vera om dei tunge taka i livet. Både gjennom musikk og i pressa.
Men han måtte bli 60 år før han orka å opne opp om pastoren som trakka over grensene hans då han berre var 15 år gamal.
Eigentleg er han litt ferdig med å snakke om det. Samstundes er det vanskeleg å snakke om livet han har bak seg utan å koma innom det, fordi det har forma det så mykje, på den vonde måten.
– Eg skulle med glede betalt millionar for å ha sloppe det.
Men når det no ein gong ikkje er slik livet fungerer, har Draugedalen sett på det som ei oppgåve å bruke den vonde erfaringa og plassen han har i det offentlege til å vise andre i liknande situasjonar at dei ikkje er aleine. At går an å koma seg vidare, og klare seg.
Han veit kor mykje skam som er knytt til temaet, og kor vanskeleg det kan vera å opne opp om det, sjølv til dei aller nærmaste.
Etter at han fortalde historia for fyrste gong i Vårt Land har han fått høyre frå mange som har liknande historier.
– Er det nokon eg brenn for så er det dei som slit med livet sitt på grunn av andre sin egoisme og vilje til å trakke over andre sine grenser.
Skulle gjerne gjort livet éin gong til
Og som tidlegare nemnt er det ikkje berre denne erfaringa han gjerne skulle vore forutan.
– Livet er så krevjande at ein burde fått ein prøveomgang.
– Du skulle gjerne gjort livet éin gong til?
– Ja. Og då hadde eg handtert det på ein litt meir øvd måte.
I denne meir gjennomøvde versjonen av livet hadde Draugedalen vore skulptør og diktar.
Han skulle fått utløp for skapartrongen og lysten til å formidle frå eit roleg arbeidsrom heime, heller enn frå ein scene.
Også skulle han prioritert familielivet høgare. Bruka meir tid med barna medan dei var små. Prisen han betalte for å alle reisedøgna i den perioden av livet ser han klarare i dag enn han gjorde då.
– Men me er debutantar heile gjengen, så slik er det. Me får vera glade me fekk eitt liv.
Tarjei Vesaas i hagen
Draugedalen hentar fram ei byste av seg sjølv og set den ned på kjøkenbordet med eit lite dunk.
Det var under korona, då songoppdraga brått tok slutt, at han oppdaga gleda i å forme andlet av leire.
Sidan den gong har mange både kjente, og oppdikta fjes, blitt til i det vesle rommet i huset ved Krøderen.
Nokon står i det offentlege rom, andre har privatpersonar kjøpt. Men aller flest prydar stubbar, steinar og hagemøblar rundt husveggane heime hjå Draugedalen.
Tarjei Vesaas kikkar litt morskt ned i den raudmåla benken han står på. Eller kanskje det er dei blå crocs-skoa i plastmateriale ved sidan av som har lokka fram misnøya i han.
– Vanskeleg å seie nei
Når Draugedalen ikkje formar leire, skriv han gjerne dikt. To bøker har det blitt til no.
Og av og til har han framleis eit songoppdrag.
– Men eg har slutta å syngje finkulturelt.
Ein slitasje på stemmebanda gjer at han har lagt frå seg dei mest kompliserte ariane, og held seg til enklare songar, som viser. Han trøystar seg med at Erik Bye heldt det gåande heilt fram til siste slutt.
– Fint var det ikkje, men det fungerte. Han hadde framleis formidlingsevna.
Så dårleg står det ikkje til med stemma til Draugedalen, men når folk ber han syngje takkar han stort sett nei.
– Men når nokon fortel om si 95 år gamle svigermor på dødsleiet berre ville høyre på mine songar, då er det vanskeleg å seie nei til den gravferda.
Og folk løyser framleis inn løfte han har gjeve for mange år sidan.
Eg har respekt for dei som slit med tvil. Eg kan tvile på mykje anna, men ikkje på trua.
Å bli peikt ut som talent som ung: – Ein blir skada
Eitt av barna til songaren har tidvis hatt musikk som levebrød. Draugedalen senior er veldig skeptisk til å dytte barn og ungdom i ei retning, uansett om det gjeld musikk, sport, eller noko heilt anna.
– Å bli plukka ut som ung på grunn av eit talent, det gjer at ein blir skada, rett og slett.
Då Draugedalen kom litt lengre ut i livet innsåg han at det å bli lagt merke til tidleg, og bli pusha til å reise rundt og opptre, og til å utvikle talentet, gjorde noko med sjølvbiletet hans.
– Ein kan byrje å tru at ein er over andre. Ein blir litt oppblåst, rett og slett. Eg ser meir og meir at dette ikkje var sunt.
– Og ja, dei stakkarane som sat og høyrde på ein, dei måtte vel også skjelne noko, men dei sa ikkje noko, seier Draugedalen og ler litt av sitt yngre eg.
Han kom borti mange ting som han i dag tenkjer at han burde vore meir vaksen for å takle.
– Mange folk er ikkje like kloke når det gjeld å uttrykkje seg. Eg har alltid vore følsam av meg, så berre små ting kan setje seg veldig i eit ungt sinn.
Har vore skåna frå tvil
Men trass i ein del ikkje-gode opplevingar i kristne miljø har han alltid vore trygg i trua.
Han skildrar det som eit rom inni seg som berre han og Gud har tilgang til. Her ligg trua, trygt og godt.
– Eg har vore skåna frå å lure på om eg har ei tru. Det har vore Guds nåde, det altså.
Han treng ikkje slå opp i Bibelen for å sjekke om han er ein kristen. På same måte som han ikkje treng å lesa i passet sitt for å vita at han er norsk. Valet han tok då han var 13 år, då ei vekking sveipa gjennom heimbygda Kviteseid, var for livet.
– Det er nok mange som misunner deg den tryggleiken?
– Ja, det trur eg. Eg har respekt for dei som slit med tvil. Eg kan tvile på mykje anna, men ikkje på trua.
Han skildrar eit ukomplisert trusliv.
– Trua eg har er ikkje så veldig stor, men den er stor nok.