Metodistkirken vil ikkje ta avgjersler med avstemming: – Det er meir berekraftig å koma til konsensus
VIL EINAST: Medan andre fattar vedtak ved avstemming, vil Metodistkirken heller diskutere seg fram til konsensus. Forrige veke vedtok trussamfunnet retningslinjer for korleis denne måten å styre på skal gjerast i praksis.
BEREKRAFT: Knut Refsdal meiner det er meir berekraftig å koma til konsensus enn å vedta store, vanskelege saker gjennom knapt fleirtal.
Karl A. Ellingsen
Metodistkirken har god erfaring med å ta avgjersler med å søke konsensus heller enn gjennom avstemming. Denne veka vedtok kyrkjas hovudstyre ny forretningsorden som gjev retningslinjer for bruk av konsensusmetoden. Det er Knut Refsdal, tilsynsprest i østre distrikt i Metodistkirken glad for.
– Det reflekterer kyrkjas vesen betre enn konvensjonell avstemming. Som kyrkje har me eit kall til å fremje fellesskap og forsoning. Det kan me også ta inn i måten me tek avgjersler på, seier Refsdal.
I retningslinjene kjem det mellom anna fram at ordstyrarar kan foreslå om ei sak skal behandlast etter konsensusmetodikk, og at ei avgjerd kan bli tatt på tre ulike måtar:
Bestill abonnement her
KJØP