Lite gudstru blant ungdomsleiarane

Fleirparten av leiarane i dei politiske ungdomspartia trur ikkje på Gud.

Leiar for Unge Venstre: Sveinung Rotevatn, Unge Høgre-leiar Henrik Asheim, AUF-leiar Eskil Pedersen, leiar av Senterungdomen, Sandra Borch, KrFU-leiar Elisabeth Løland, leiar av SU Olav Magnus Linge og FPU-leiar Ove Vanebo.
Publisert Sist oppdatert

Vårt Land avsluttar måndag ein serie der leiarane i dei politiske ungdomspartia har presentert livssynet sitt, verdiane og dei ideologiske vegvala sine. Sandra Borch, leiar av Senterungdommen, fortel om ein oppvekst sterkt knytt til kyrkja, der ho alltid har vore opptatt av det å ha ei tru.

– Frå å ha gått på søndagsskule og deltatt på ulike kristne leirar i barndommen, gjorde eg også eit bevisst val ved å fornye løfta mine til denne trua då eg konfirmerte meg, skriv Borch.

Serien, som også er lagt ut på verdidebatt.no, viser likevel at få av dei politiske ungdomsleiarane trur på Gud. Berre KrFU-leiar Elisabeth Løland skriv rett ut at ho har ei personleg tru.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS