Likestilte fram til syndefallet
TJUANDE SØNDAG I TREENIGHET: Det er tale om å vera ei redning og ein støttespelar, og ikkje handlangar eller tenar.
Då sa Herren Gud: «Det er ikkje godt for mennesket å vera åleine. Eg vil laga ein hjelpar av same slag.» Og Herren Gud forma alle dyra på marka og alle fuglane under himmelen av jord, og han førte dei til mennesket for å sjå kva det ville kalla dei. Det som mennesket kalla kvar levande skapning, det fekk han til namn. Mennesket gav namn til alt feet, til fuglane under himmelen og alle villdyra på marka. Men til seg sjølv fann mennesket ingen hjelpar av same slag.
Då lét Herren Gud ein djup søvn koma over mannen. Medan han sov, tok han eit sidebein og fylte att med kjøt. Av sidebeinet Herren Gud hadde teke frå mannen, bygde han ei kvinne, og han førte henne til mannen.
Då sa mannen: