Kyrkjerådet fryktar ny kyrkjeleg organisering berre kan skje i tolv kommunar

DEN NORSKE KYRKJA: – Er dette verkeleg verdt alt det me legg inn for å gjennomføre desse endringane? spør nestleiaren i Kyrkjerådet.

LITA UTTELJING?: Det skapte «uro» og «mismot» då fleire på denne vekas kyrkjerådsmøte påpeika at den lange vegen ein alt gått for å omorganisere Den norske kyrkje, kunne liggje an til å få minimal utteljing.(Foto: Marit Neset)
Publisert Sist oppdatert

Arbeidet med ny organisering av Den norske kyrkja (DNK) rullar og går, etter at Kyrkjemøtet i fjor med knappast mogleg fleirtal peika ut ei ny retning i arbeidet.

Onsdag og torsdag denne veka var det siste møtet til Kyrkjerådet, eller regjeringa i kyrkja om du vil, før årets Kyrkjemøte.

Kyrkjemøtet er det øvste, folkevalde organet i DNK, og dei møtast vanlegvis éin gong i året. I fjor vedtok dei mellom anna at kyrkja skal ha ei todela, dagleg leiing, der både kyrkjefagleg leiar (ofte ein prost) og administrativ leiar (ofte ei kyrkjeverje) skal vera jamstilte.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP