Kyrkjemøtet endrar omsettinga av truvedkjenninga
APOSTOLICUM: I den apostoliske truvedkjenninga på nynorsk er Gud no aktiv. I alle fall i Den norske kyrkja.
KYRKJEMØTE: Kyrkjemøtet har fatta eit historisk vedtak 2025.Foto: Ole Martin Wold
Ole Martin Wold
Den apostoliske truvedkjenninga er ein økumenisk anerkjent «definisjon» av den kristne trua. No endrar Den norske kyrkja den nynorske omsettinga av den.
– Den første bevegar i denne saka, var eit ungt og modig kyrkjemøtemedlem, som er nynorskbrukar, og som frå denne talarstolen spurte: «Er det berre på bokmål Gud framleis ‹skaper›», seier biskop Jan Otto Myrseth til Kyrkjemøtet.
Vårt Land fortalde i 2023 om Inga Dekko som bad biskopane endra omsettinga av det fyrste leddet i vedkjenninga: «Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord».