Kyrkjelyden flyttar inn i nye lokale i Oslo sentrum

FLYTTAR: Storsalen menighet har funne ut kvar dei skal halde til dei neste åra.

Solveig Tveitereid, Storsalen menighet
MIDLERTIDIGE LOKALE: Solveig Tveitereid er dagleg leiar i Storsalen menighet. Ho stadfestar at kyrkjelyden har funne midlertidige lokale.
Publisert Sist oppdatert

Kyrkjelyden Storsalen flyttar inn til Frelsesarmeen sine lokale, i Templet korps, midt i Oslo sentrum. Her skal dei halde til i to år frå sommaren 2025.

Det stadfestar Solveig Andersen Tveitereid, dagleg leiar i Storsalen, i ein SMS til Vårt Land.

Vårt Land har tidlegare skrive om at Normisjon og NLA Høgskolen planlegg utbygging av lokala i Staffeldts gate, like ved Slottsparken i Oslo. I dette kvartalet eig Normisjon tre av fire bygg, der eitt av bygga huser Storsalen menighet. Også NLA Høgskolen, hovudkontora til Normisjon og Acta, samt eit leiligheitsbygg held til i desse bygga.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS