Kyrkja vil ikkje melde miljødemonstrasjon til politiet
DEMONSTRASJON: Skien kyrkjelyd vil ikkje gå til politiet, etter at miljøaktivistar tok seg inn i Skien kirke under gudstenesta 1. påskedag.
GÅR IKKJE TIL SAK: Prost i Skien, Liv Espeland Jettestuen med fleire, skriv i ein epost at ein vel å ikkje melde miljøaksjonistane som prøva å ta seg inn i Skien kyrkje under gudstenesta fyrste påskedag til politiet.
Anne Mona Skifjeld/Liv Mari Lia
– Me i Skien kyrkjelyd tek fullstendig avstand frå den aksjonsforma som blei bruka for å fremje engasjement for miljøvern, som blei utvist i Skien kirke påskedag.
Det skriv kyrkjelyden til Vårt Land i ein e-post, signert av sokneprest Øystein Gunnersen, soknerådsleiar Gustav Søvde og prost Liv Espeland Jettestuen.
Hendinga dei siktar til er då seks raudkledde miljødemonstrantar frå aksjonsgruppa Extinction Rebellion, med teolog Ellen Hageman iført prestekjole i front, prøva å ta seg inn i Skien kirke under gudstenesta fyrste påskedag.