Kyrkja blir tømt for prestar – kan mangle 200 om fire år
REKRUTTERING: Den norske kyrkja er ikkje attraktiv nok som arbeidsplass, slår ein ny rapport fast. Kyrkjas utydelege «merkevare» og dels dårlege leiing får noko av skulda.
SLIT MED REKRUTTERINGA: Jan Christian Kielland er ansvarleg for rekrutteringsfeltet i Kyrkjerådet. I løpet av det treårige prosjektet har dei fått svar på kvifor kyrkja slit sånn med rekrutteringa.
Foto: Tuva Skare
Situasjonen har blitt kalla dramatisk av mange: I 2017 var kvar tredje prest i Den norske kyrkja over 60 år, og det var for få studentar på teologi til å ta plassane deira.
Kvart år går Norge cirka 30 prestar «i minus», og i 2024 kan det vere 200 ledige prestestillingar. Det tilsvarar kvar sjette prest i landet. Heller ikkje tilfanget av kateketar, diakonar eller kantorar er godt nok.
Med dette bakteppet sette Den norske kyrkja i gang eit treårig prosjekt, som blir avslutta i desse dagar. Der skulle dei finne ut kor problemet med den dårlege rekrutteringa ligg, og kva som kan bli gjort med det.
Bestill abonnement her
KJØP