Kristentru og klåre ordrar

ATTANDE SØNDAG I TREEININGSTIDA: I denne delen av evangeliet er Jesus på toppen av popularitetsbølgja. Ikkje berre bed store flokkar om hjelp og lækjedom – dei ser nesten ut til å forvente det.

Publisert Sist oppdatert

Då Jesus gjekk inn i Kapernaum, kom det ein offiser til han og bad om hjelp: «Herre», sa han, «tenesteguten min ligg lam heime og har svære plager.» Jesus sa: «Eg skal koma og lækja han.» «Herre», svara offiseren, «eg er ikkje verdig til at du kjem inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så blir tenesteguten min lækt. For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til éin: ‘Gå!’ så går han, og til ein annan: ‘Kom!’ så kjem han, og til slaven min: ‘Gjer dette!’ så gjer han det.»

Då Jesus høyrde det, undra han seg og sa til dei som følgde han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ikkje hos nokon i Israel har eg funne slik ei tru. Og det skal de vita: Mange skal koma frå aust og frå vest og sitja til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket. Men borna av riket skal kastast ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.» Og Jesus sa til offiseren: «Gå! Det skal skje, slik du trudde.» Og tenesteguten vart frisk i same stunda.

Matt 8,5–13

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP