Kristent nettverk: – Vi er ei Jesusrørsle, ikkje ei kvinnerørsle

KONFERANSE: Det er andre sakar som opptek kvinnene på JesusKvinner-konferansen enn fanesakane i 8. mars-toget. Pernille Strand meiner ein er i mål med å lyfte fram kvinner som pastorar og forkynnarar, men ivrar for å gjera kvinner meir frimodige.

Pernille Strand sit i styret til JesusKvinner. Bilete tekne på JK2022 (årleg konferanse) i Markus kirke i Oslo.
KVINNERETTAR: Styremedlem i JesusKvinner, Pernille Strand brenn for at kvinner skal få same menneskeverd som menn, men meiner det i hovudsak er eit problem andre stadar i verda. – Me bur i eit velsigna land, seier ho.
Publisert Sist oppdatert

Det summar i benkeradene i Markus kirke på St. Hanshaugen i Oslo, men i ein litt høgare frekvens enn det ville gjort på ei ordinær gudsteneste. Det er nemleg berre kvinner å finne i den hundre år gamle steinkyrkja denne dagen, med unntak av eit par menn bak miksepulten.

Framme står forkynnar Maria Torgussen Helgerud og snakkar om Den heilage ande.

– Eg elskar Den heilage ande. Kva skulle eg gjort utan Den heilage ande?, spør ho ut i rommet.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS