Kommunedirektøren i Sogndal er open for at kommunen kan ha feiltolka lovverket i skulelagssaka
BALESTRAND: - Det kan hende me har gjort feil her, seier kommunedirektøren i Sogndal til Sogn Avis. Dette handlar ikkje berre om det, seier Karl Johan Kjøde, generalsekretær i Noregs Kristelege Student- og Skuleungdomslag.
SKULELAG: Skulelaget på Sagatun i Balestrand, Sogndal kommune, har skulelagslunsj på fotballbanen. Også dette kan dei no bli nekta. F.v.: Eyuel Weldeyohannes, Madeleine Holgersen, Amalie Holgersen, Kaja Emelí Ohma, Elim Yonas, Ester Nilsson og Malin Christine Ohma.
Harald Groven
Mange har reagert på at ungdomsskuleelevar ved Sagatun skule i Balestrand ikkje har fått lov til å møtast til lagsmøte, eit kristent møte i storefri der dei et, ber og snakkar saman, i skuletida.
Rektor ved skulen har ikkje ville uttala seg, men vist vidare til kommunedirektøren i Sogndal kommune, Tor-Einar Holvik Skinlo.
Han har til no vore ganske ordknapp, men i eit intervju med Sogn Avis har han letta litt på sløret.