Kjersti Toppe om gudstenester på NRK: – Flott, rett og rimeleg
GUDSTENESTER PÅ NRK: Trus og livsynsministeren påpeikte under Arendalsveka at det er grunnlovsfesta at Den norske kyrkja skal vera den norske folkekyrkja. – I det ljoset er det heilt flott, og rett og rimeleg at NRK kan ha slik sendingar, seier Toppe.
LIVSYNSTOMT SAFUNN: Trus- og livssynsminister Kjersti Toppe (Sp) sa under Arendalsveka at ein risikerar å ende opp med eitt «livssynstomt» samfunn viss ein blir så redd for å diskriminere at ein ikkje kan sende gudstenester på fjernsynet i Noreg.
Heidi Olsen/Kirkerådet
NRK har teke imot både ris og ros etter at det blei klart at NRK skal sende direktesende gudstenester kvar sundag denne hausten. Human-Etisk Forbund kritiserer NRK for «favorisering av eitt livssyn», og meiner rikskringkastaren bør vera livssynsnøytral for å vareta alle innbyggjarar.
Under ein debatt i regi av Den norske kyrkja under Arendalsveka måndag var trus og livssynsminister Kjersti Toppe (Sp) og internasjonal direktør i Kyrkjerådet i Den norske kyrkja, Berit Hagen Agøy, inviterte til å diskutere spørsmålet: «Noreg – eit livssynsope eller livssynstomt samfunn?».
Arendalsuka arrangerast i år frå 15. til 19. august. Her samlar aktørar frå politikk, samfunns- og næringsliv seg til debattar og ulike arrangement.
Bestill abonnement her
KJØP