Frikyrkjepastoren har fått hundrevis av meldingar etter at han tok til orde for å inkludere skeive
PLASS TIL LIKEKJØNNA: Etter at Kraftverket-pastor Kjetil Gilberg gjekk ut offentleg med ønsket om å inkludere homofile fullt ut i Frikyrkja, blei han kalla «illojal», «vranglærar» og «surdeig». Likevel vil han fortsette kampen, som han meiner er nødvedig i lys av kva skeive har blitt utsette for.
ENORM RESPONS: Kvar einaste dag får Kjetil Gilberg, pastor i Kraftverket, nye meldingar med takksemd over at han ytra ønsket sitt offentleg: å gi plass til skeive i Frikyrkja.
Mette Randem
– Me kan ikkje halde fram med å ta imot skeive på den måten me har gjort, seier Kjetil Gilberg.
Då han i slutten av juni gjorde ønsket sitt om «en Frikirke for alle» synleg i Vårt Land, visste ikkje Kraftverket-pastoren heilt kva han sette i gang.
– At det er trøkk i denne saka, det visste eg. Og at det er ganske store motsetnadar i denne saka, var eg også klar over.
Bestill abonnement her
KJØP