67 år gamle Marx er ikkje mistenkt for seksuelle overgrep sjølv, men meiner at alle i kyrkjeleiinga er medansvarlege for overgrepa som har skjedd i kyrkja dei siste tiåra.
«Denne krisa har oppstått også på grunn av våre eigne feil, av vår eiga skuld», skriv den tyske kardinalen Reinhard Marx i eit brev til pave Frans. Heile brevet er publisert på fleire språk på bispedømet sine nettsider.
Torsdag skreiv pave Fans i eit brev at han ikkje godtek søknaden om å gå av, og at Marx må bli i embetet. Paven gjev inntrykk av å vera einig i Marx si analyse av kyrkja. I sitt brev til kardinalen skriv han ifylgje den tyske avisa Spiegel:
«Hald fram som du foreslår, men som erkebiskop i München og Freising. Eg er einig med deg i at me har med ei katastrofe å gjera: den triste historia til seksuelt misbruk og korleis det har blitt handtert i kyrkja fram til nyleg».
[ Ber om å få tre av som erkebiskop ]
Ein av pavens næraste
Marx trekkjer fram kyrkja si manglande evne til å forhindre nye, seksuelle overgrep som årsaka til at han ber om å få trekkje seg. Han seier dette er ein måte for han å vise at han er villig til å ta ansvar for «katastrofen ved det seksuelle misbruket som er gjort av kyrkjas tenestemenn dei siste tiåra».
Marx blir rekna som ein av dei kardinalen i den katolske kyrkja med mest innverknad og han er mellom anna ein del av gruppa som gjev råd til paven. Han blei utnemnt til kardinal i 2010.
[ – Biskopen hadde hemmelig arkiv med overgrepsanklager ]
Etterlyser fornying
Hausten 2018 kom det ein rapport om seksuelle overgrep i den katolske kyrkja i Tyskland. Ifylgje denne blei drygt 3500 born og unge mishandla mellom 1946 og 2014. Meir enn halvparten av ofra var 13 år eller yngre.
Og i år kom ein ny rapport om korleis erkebispedømmet Köln, som er det største katolske bispedømet i Tyskland med 1,9 millionar medlemmar, handterte problemet. Rapporten skaka Tyskland, og fleire biskopar trakk seg frå embeta sine som ein konsekvens av det som kom fram.
Marx etterlyser i sitt brev til Paven reform og fornying i den katolske kyrkja, og er kritisk til dei kreftene i kyrkja som han meiner ikkje er villige til å ta ansvar og som dermed motset seg endring. Han er redd for at spørsmålet om seksuelle overgrep berre blir handsama på ein administrativ måte, og at dette ikkje er nok for å løyse problema kyrkja har.
[ Hun skal forebygge overgrep i Den katolske kirke: – Man må snakke om lidelsen disse ofrene er påført ]