Kirkeliv

Frikyrkja tek grep etter synodemøte: Vil jobbe for større mangfald i viktige posisjonar

NYTT TILTAK: Frikyrkja skal setje ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe for breiare representasjon i leiande organ. – Det er akkurat dette eg håpa på, seier Heidi Garvik som har kritisert einsretting og kameraderi i kyrkja.

– Me har eit stort mangfald i Frikyrkja og me har eit ynskje om at dette i større grad skal bli representert i leiande organ, seier synodeformann Jarle Skullerud.

I helga hadde Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja (Frikyrkja) synodemøte. Der blei det diskusjon mellom anna om korleis valkomiteen har arbeidd, då det blei påpeika ei overvekt av mannlege kandidatar. Det blei også stilt spørsmål om det blei lagt for mykje vekt på folk sitt synspunkt på homofilt samliv i valkomiteen sitt val av kandidatar.

Eldste i Sandnes frikyrkje og synodedelegat Heidi Garvik blei spela inn som benkeforslag til synodestyret. Ho fortalde Vårt Land at ho blei spurt om to ting av valkomiteen: alder og syn på samlivsetikk. Ho gjekk også ut mot det ho meinte var ein maktkamp, der ein gjeng med menn utnyttar posisjonane sine til å sikre einsretting og at det handlar mykje om kven som kjenner kven.

Etter å ha evaluert synodemøtet har synodeformann Jarle Skullerud, nestleiar Anne Mari Schiager Topland og dagleg leiar Marit Ecklo Brevik bestemt seg for å setje ned ei ny arbeidsgruppe som skal jobbe for større mangfald.

Lov å vera ueinige

Skullerud trekkjer fram etnisitet, kjønn, geografi, kompetanse og ulike tradisjonar som døme på kva som kan utgjera mangfaldet. Han vil ikkje avgrense kva område arbeidsgruppa skal kunne sjå på, men trur det vil vera naturleg å ta for seg valordning inkludert valkomite, komitearbeid under synodemøtet og kva val som skal bli gjort av synoda, og kva val som skal gjerast i presbyteria, som er regionane til Frikyrkja.

eldste i Sandnes Frikirke, Heidi Garvik

Dette er musikk i Garvik sine øyrer.

– Det er akkurat dette eg håpa på. Eit utval som seier at dei ynskjer mangfald? Det er heilt perfekt, meiner Garvik.

Ho trur det viktigaste er at arbeidsgruppa blir ein plass der det er lov å snakke saman sjølv om ein er ueinige.

---

Frikyrkja

  • Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja (Frikyrkja) har om lag 20.000 medlemmar, og 82 kyrkjelydar.
  • Kyrkjelydane er sjølvstendige, og styrast av valde eldsteråd. Dei er også medlemmar av Frikyrkja sentralt.
  • Synoden er kyrkjesamfunnets øvste organ. Den samlast til synodemøte kvart tredje år og har representantar frå alle kyrkjelydane.
  • Synoden har ansvar for fellesarbeidet og vedtek lovar og reglar for kyrkjesamfunnet.

Kilde: Frikirken.no

---

– Burde skjedd for lengst

For Skullerud er det viktig å få fram at det at ein no vil sjå på valordninga ikkje er ein kritikk av dei som blei valt på førre vekes synodemøte.

– Me gler oss til å samarbeide med dei, og er glade for at dei har stilt seg til disposisjon.

Likevel har ein sett at det er ei skeivfordeling på mellom anna kjønn og etnisk bakgrunn. Skullerud er glad for at ein no har valt inn den fyrste personen med ikkje-etnisk norsk bakgrunn til synodestyret, vel og merke til ein varaplass, men seier det burde skjedd for lenge sidan. Kvifor ein ikkje har fått fram mangfaldet i kyrkja betre også i styrande organ fram til no vil ikkje synodeformanen analysere seg fram til, men han trur ikkje det er av vond vilje.

– Me er ikkje aleine om å slite med det. Og eg trur me kan bli meir medvitne på desse tinga med å få på plass nokre retningslinjer.

Frå tida Skullerud var leiar for Frikyrkja sin barne- og ungdomsorganisasjon (FRIBU) hugsar han korleis dei la inn i valordninga at ein ikkje kunne koma med benkeforslag om ein mannleg kandidat for å erstatte valkomiteens innstilling til ein kvinneleg kandidat. Dette er ein av fleire tiltak Skullerud ser for seg at kan bli aktuelle.

Menneske utan makt

– Korleis skal ein sikre mangfald i arbeidsgruppa?

– Me skal etter beste evne velje ut personar som skal representere breidda i Frikyrkja. Og det er viktig at det er ei gruppe med menneske som ikkje sit i maktposisjonar i dag.

Målet er å utnemne gruppa før sommaren, og at resultatet av arbeidet er på plass før neste valrunde som skjer om tre år, på det neste ordinære synodemøtet. Visse endringar risikerer ein at må stemmast over på synodemøte, medan andre blir det synodestyret som får på sitt bord.

– Me gjer ikkje dette for å endre kyrkjeordninga vår, men for å sikre at kyrkjedemokratiet fungerer etter intensjonen, forsikrar Skullerud.

Ikkje redd

Heidi Garvik er positiv til både å hente erfaring frå andre organisasjonar og å skaffe meir representasjon lokalt.

– Me som så mange andre organisasjonar heng att i gamle mønster, og det tek lang tid å få til endring. Nokon av ordningane våre forsterkar dette.

Ho trur å snakke saman om kva som er teologi og kva som er dårlege samfunnsordningar er viktig. Ho håpar også at signala om at ein ynskjer samtale og mangfald betyr at ein ikkje er redd for å snakke om samlivsspørsmålet.

– Eg tolkar det som at ein ikkje synest samtala er farleg.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirkeliv