Kirkeliv

Meiner Frikyrkja er prega av kameraderi og maktkamp

FRIKYRKJA: – Det blir feil når ein gjeng med makt utnyttar posisjonane sine for å sikre at makta blir i gjengen. Det handlar om kven som kjenner kven, meiner eldste i Sandnes Frikirke, Heidi Garvik.

I helga hadde Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja (Frikyrkja) synodemøte. Og sjølv om dei fleste sakene utanom val, økonomi og andre meir tekniske saker er utsett til smittesituasjonen tillèt eit fysisk, ekstraordinært synodemøte, seinast i juni 2022, blei det temperatur rundt samlivsetikk. Det meldte avisa Dagen fyrst.

Det kom benkeforslag på å velge inn Heidi Garvik som medlem i synodestyret. Garvik er eldste i Sandnes Frikirke.

Garvik tapte avstemmingane til både fyrste, andre og tredje varaplass, men nytta høvet på synodemøtet til å seie at det ikkje var valet av henne inn i synodestyret som var det viktige, men korleis ein vil legge til rette for samtala om samlivsetikk.

Dette utløyste ein debatt mellom anna om det hadde blitt lagt for stor vekt på synspunkt om homofilt samliv i valkomiteen sitt val av kandidatar. Garvik seier ho blei spurt om to ting av valkomiteen: alder og syn på samlivsetikk.

---

Frikyrkja

  • Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja (Frikyrkja) har om lag 20.000 medlemmar, og 82 kyrkjelydar.
  • Kyrkjelydane er sjølvstendige, og styrast av valde eldsteråd. Dei er også medlemmar av Frikyrkja sentralt.
  • Synoden er kyrkjesamfunnets øvste organ. Den samlast til synodemøte kvart tredje år og har representantar frå alle kyrkjelydane.
  • Synoden har ansvar for fellesarbeidet og vedtek lovar og reglar for kyrkjesamfunnet.
  • Kilde: Frikirken.no

---

Som å trekkje ut ein propp

Sjølv seier Garvik at ho blei utfordra til å stille til val fordi det var «ei påtakeleg overvekt av menn» blant dei føreslegne kandidatane, og at dette blei nemnt på synodemøtet.

– Ikkje overraskande blei det å nemne det som å trekkje ut ein propp, der valkomiteen blei bedt om å gjera greie for arbeidet sitt. Me har ein ambisjon om ein stor del både unge og kvinner i styre og råd, men det var ikkje tilfelle i valkomiteen sine kandidatar, seier Garvik, som seier komiteen sitt svar var at det var vanskeleg å finne gode kandidatar.

Ho er nysgjerrig på kven som har blitt utfordra. Sjølv har ho vore med på alle utanom eitt synodemøte sidan kvinner fekk sjansen til å bli ordinerte som eldste, men ifølgje ho sjølv har ho aldri blitt kontakta av valkomiteen.

– Det kan så klart vera fordi dei ikkje ser på meg som ein god kandidat, men eg blir no gong etter gong valt ut som synodedelegat av kyrkjelyden min, og Frikyrkja skal vera kyrkjelydsstyrt.

Ei avgjerande sak

Synodeformann Jarle Skullerud kjenner seg ikkje at av skildringa av kameratgjengen som tviheld på makta, men er einig i at det er for få kvinner og unge i synodestyret. Både før og etter årets val er fordelinga fem menn mot to kvinner.

Denne måten å utnytte posisjonane sine til å sikre einsretting er meir kameraderi enn det er frikyrkjeånd.

—  Heidi Garvik, eldste frå Sandnes Frikirke

– Det er ikkje ei god fordeling, seier Skullerud, som likevel meiner at dei har eit godt demokratisk system i Frikyrkja, noko som mellom anna kom fram gjennom fleire benkeforslag til kandidatar.

Han synest heller ikkje det er eit problem at kandidatane sitt syn på homofilt samliv fekk mykje fokus denne gongen.

– Det betyr at dette er ein avgjerande sak for mange på begge sider i kyrkja vår. Derfor er det realt og viktig at synodemøtet spør om folk sitt syn i saka, men eg synest det er problematisk at me ikkje fekk sett nok søkeljos på andre saker og kandidatane sin kompetanse, seier synodeformannen.

Østre Frikirke. Frikirken – Oslo Østre Menighet. Pastor og synodeformann i Den Evangelisk Lutherske Frikirke Jarle Skullerud

Menn som klatrar på menn

For Garvik er det viktig å få fram at det ikkje er hennar kandidatur som er poenget, men kva det kan illustrere. Ho opplever at det er ein maktkamp i Frikyrkja.

– Menn klatrar på menn. Det blir feil når ein gjeng med makt utnyttar posisjonane sine for å sikre at makta blir i gjengen. Det handlar om kven som kjenner kven. Eg tenkjer at denne måten å utnytte posisjonane sine til å sikre einsretting, er meir kameraderi enn det er frikyrkjeånd, seier Garvik.

Ho mistenker at spørsmålet om samlivsetikk blir bruka for å gjera kandidatar uaktuelle for fleirtalet på synodemøtet, også av andre årsaker, som mellom anna at dei er kvinner. Sjølv har ho ikkje tatt eit endeleg standpunkt i samlivsspørsmålet, men meiner det er viktig at Frikyrkja går inn i ei samtale om temaet utan å ha avgjort svaret på førehand.

Ho sa på synodemøtet at viss ein ikkje passar seg, risikerer Frikyrkja å bli tukta av Gud på same måte som farisearane.

– Kva meiner du med det?

– Ein kan ha dei beste intensjonar, men viss ein byrjar å stå vakt for Gud, endar ein med å snu han ryggen. Å bli veldig oppteken av å setje grenser for kor langt Gud sin kjærleik strekker seg, blir same type spørsmål som kor mange skritt ein har lov å gå på sabbaten.

Trur ikkje på teologisk diskusjon

Garvik seier debatten om homofilt samliv allereie finn stad i Frikyrkja, og at det då er viktig å gje den plass, heilt ned til grasrota. Sjølv fekk ho på helgas synodemøte inntrykket av at dette var ein uønskt diskusjon. Ho opplevde dessutan at synodeformann Jarle Skullerud og nestleiar, Anne Mari Schiager Topland sette i gang ein god dialog om temaet for ei stund tilbake, men at den stoppa opp då koronaen kom, utan at ho forstod kvifor.

Synodeformann Skullerud seier ein av hans viktigaste oppgåver framover blir å legge til rette for at ein i Frikyrkja kan snakke godt saman om både dette og andre viktige spørsmål i tida framover. Han seier det er synodemøtet neste år som skal avgjera korleis prosessen og dialogen blir framover.

– Gjennom årets val kom det fram at det mest sannsynleg er eit stort fleirtal i synodemøtet for at desse samtalene fyrst og fremst skal handle om korleis me møter folk, meir enn om me skal endre teologisk standpunkt.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirkeliv