Her løyser dei prestekrisa med eigne krefter

HELLESYLT: – Det er vanskeleg å skape eit rikt liv i kyrkjelyden, med prestevikarar som stadig blir skifta ut, seier soknerådsleiaren i Sunnylven. No gleder bygda Hellesylt seg over ny prest med lokale røter.

ann kristin langeland prestevikar hellesylt
PRESTEVIKAR I EIGA HEIMBYGD: Ann Kristin Langeland har lenge vikariert som prest, på fullmakt frå biskopen. Ho sluttar som assisterande rådmann i Volda og gler seg til presteteneste i den vakre heimbygda si, Hellesylt.
Publisert Sist oppdatert

I bygda Hellesylt på Sunnmøre har prestebemanninga lenge bore preg av vikarløysingar. I fem av dei siste ti åra har Sunnylven kyrkje vore vikarbemanna. I ei oversikt over prestemangelen, presentert i Vårt Land nyleg, framstod Møre som verstingen av bispedøma, med 15 ledige prestestillingar.

Stig Tryggestad har vore soknerådsleiar dei siste elleve åra.

– Vi har sett ei utvikling der vikarløysingane vert ei permanent løysing. Det er umogleg å skape eit rikt og kreativt liv i kyrkjelyden når prestebemanninga baserer seg på ein vikar som kjem innom kvar tredje søndag – for so å verte erstatta av ein ny vikar etter kort tid, meiner han.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP