Kirke

Skeivt Kristent Nettverk: – Hegertun går passeleg langt

TEOLOGI: – Eg trur han er flink å gå så langt som det går an i sin sammenheng, meiner Skeivt kristent nettverk. Også Åpen folkekirke set pris på at Hegertun utfordrar meir konservative, kristne miljø.

– Eg er kjempeimponert over Hegertun, og at han vågar å stille spørsmål ved synet på sambuarskap og homofilt samliv i frikyrkjelege samanhengar. Eg har sjølv prøvd det, og veit kor vanskeleg det er.

Det seier kontaktperson og prosjektleiar i Skeivt kristent nettverk (SKN), Tor Håkon Eiken. Han har lese den nye boka til Terje Hegertun, Det trufaste samliv, og er imponert over resultatet.

– Hegertun klarar å halde ein sakleg og sunn tone gjennom heile boka. Han har laga eit godt utgangspunkt for samtale og debatt, meiner Eiken.

– Så langt som det går an

I boka utfordrar Hegertun frikyrkjesamfunn til å tenke nytt om homofile parforhold. Hegertun er professor i teologi ved MF vitenskapelig høyskole, og har tidlegare mellom anna vore redaktør for Korsets Seier og leiar for Pinsebevegelsens leiarråd. I Det trufaste samliv tek han til orde for ein mellomposisjon der han seier ja til homofilt samliv, men held fast på det heterofile ekteskapets særstilling.

– Synast du Hegertun går langt nok?

Eg trur han er flink å gå så langt som det går an i sin samanheng, sjølv om eg så klart skulle ynskje at han var endå tydelegare på at det ikkje finst noko «oss» og «dei». Han går passeleg langt.

Eiken er tidlegare pastor i den karismatiske kyrkjelyden Levende Ord i Bergen, men høyrer i dag til i Den norske kyrkja (DNK).

– Det er deilig å vera i eit kyrkjesamfunn dei ein ikkje treng å late som ein meiner noko anna enn det ein gjer. Kyrkjelydar skulle berre visst kor stor verdi det har for kyrkja å opne opp for alle. Fram til ein gjer det, vil det alltid vera noko som manglar, meiner Eiken.

For han var det da den eldste dottera fortalde at ho var lesbisk at han endra standpunkt i samlivsspørsmålet.

– Det er enkelt å vera imot homofilt samliv når du ikkje har det tett på kroppen sjølv, seier Eiken.

Oppfordrar til emapati

Dette er leiar i Åpen folkekirke (ÅF), Gard Sandaker-Nielsen, einig i.

– Eg vil oppfordre alle til å gå inn i temaet med empati, og prøve å sjå verda frå homofile og lesbiske sin synsvinkel. Prøv å forstå korleis det faktisk er for dei det gjeld, seier han.

Spørsmålet blir: Opplever homofile sjølve at dei blir inkludert viss parforhold ikkje blir akseptert?

—  Gard Sandaker Nielsen, leiar i Åpen folkekirke.

Også Sandaker-Nielsen set pris på Hegertuns bidrag i debatten.

– Eg er utruleg glad for alle som jobbar seriøst med sitt eige syn på Bibelen og samliv, og som reflekterer over korleis ein skal stille seg til skeive og LHBT. Ikkje minst er det viktig når nokon utfordrar og bidreg med nye argument og synspunkt i forholdsvis konservative miljø. Berre slik kjem me vidare slik at homofile og lesbiske i meir karismatiske miljø og frikyrkjer kan vera opne og stolte av den dei er, seier Sandaker-Nielsen.

Trondheim 27.03.2019
Kirkemøtet 2019 i Trondheim.
Gard Sandaker-Nielsen, leder av Åpen folkekirke.
FOTO: JOAKIM S. ENGER

– Lær av DNK

Han er skeptisk til Øystein Gjerme, leder for Pinsebevegelsens leiarråd, sitt innspel i debatten, om at dei ynskjer å inkludere homofile, utan å akseptere homofile parforhold.

– Det er sjølsagt bra dei seier at dei ynskjer å inkludere homofile, men eg meiner at det er ein dobbeltkommunikasjon som ikkje fungerar. Spørsmålet blir: opplever homofile sjølve at dei blir inkludert viss parforhold ikkje blir akseptert?

Mange veit ikkje kva dei skal tenke om ekteskap og samliv elles, «men me veit i alle fall at me er imot homofile forhold».

—  Tor Håkon Eiken, prosjektleiar i Skeivt kristent nettverk.

Han håpar prosessen som har vore i DNK kan vera til hjelp for andre kyrkjesamfunn, sjølv om han er oppteken av at alle sjølve må ta diskusjonen.

– Det er gjort mykje god teologisk jobbing dei siste 40 åra som ein kan bygge vidare på. Ein treng ikkje finne opp krutet på ny, men ein kan supplere og la seg utfordre.

Fyrar seg opp over homofili

Eiken i SKN trur heller ikkje det er mogeleg for kyrkjer å ha eit konservativt syn på ekteskapet, og framleis legge til rette for skeive på ein god måte.

– At «dei» skal bli tekne imot på ein annan måte enn «oss», kva seier det? Det er me som er kristne. Ikkje oss og dei.

Og sjølv om han er glad for Hegertun si bok, er han mindre imponert over debatten som har kome i etterkant: For medan han sjølv tenker at hovudtemaet i boka er korleis ein kan forstå ekteskap og samliv i dagens samfunn, er det synet på homofilt samliv som har fått spalteplassen.

– Det er alltid det folk skal fyre seg opp på. Det er det same som eg møter i mange kyrkjelydar: Mange veit ikkje kva dei skal tenke om ekteskap og samliv elles, «men me veit i alle fall at me er imot homofile forhold». Sjølvsagt blei det automatisk ein homodebatt ut av denne boka. Det synest eg er fascinerande.

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kirke